Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Røff tur med rå utsikt




Foto:Ukjent

Du skal gå nokre meter i motbakke for å sjå ned på Utsikten og svingane på Gaularfjellet. Denne gjengen gjorde nettopp det.
30.juli klokka 0800 møtte sogningar og sunnfjordingar opp på Menes. Målet var Melsnipa. Balestrand sitt høgaste fjell. Men det tek tid å koma seg opp 1547 meter over fjordflata. Sveitten kom snøgt fram i panna på dei 34 i turfølgje i den bratte stigninga opp til Menesstølen. Men denne solide kneika var berre ein forsmak på kva som venta. Nydelege Meneseggi gjekk som ein leik med utsikt til Vetlefjorden på eine sida av eggi og Fjærlandsfjorden på den andre. Første høge topp på turen var Harevollnipa(1406 m.o.h.). Alle kom fram der med smil om munnen, sjølv om det var bratt opp mot toppen. Turen vidare tok på både mentalt og fysisk. Terrenget vart meir steinete og ryggen smalna. På eit punkt delte gruppa seg i to. Dei som ikkje likar å ha det luftig rundt seg tok ein sving rundt nokre toppar, medan resten fekk føla den ville naturen på sitt beste. Turleiar Oddvar Menes styrte troppane sikkert gjennom smale og bratte parti. Etter mange timar med vandring kom me fram til Melsnipa. Fantastisk utsikt møtte oss. Utsikten og svingane opp til Gaularfjellet, såg me ned på. Turen enda med 2,5 time nedoverbakke ned Grøndalen før me kunne pusta ut framme i Vetlefjorden. Turen på 22 kilometer tok 11,5 timar.

Skrive av: (06.08.05 - 12:48)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487194 besøk, sidan 18. juli 2005