
A-laget med solid start på haustsesongen

mohammed set inn mål nr.3 Foto:lars jonas
|
A-laget har tydlegvis trena hardt i sommar og synte fram særs effektivt angrepsspel i kampen mot Dale 2 på Kreklingen
Sommarferien er ferdig og A-laget starta haustsesongen med Dale 2 på Kreklingen tysdag kveld. Dette vart ein kamp der Balestrand synte fram særs effektivt angrepsspel med mange fine trekk. Når kampem var ferdig stod det 8-2 til Balestrand, Dale 2 hadde ikkje mottrekk mot det effektive angrepsspelet til Balestrand sjølv om dei til tider hadde nokre bra tilløp.
Den største beholdninga etter kampen var nok at Odd Arild har laga årets mål på Kreklingen. Strak vrist, solid tilslag på ballen og frå 35 meter sat ballen i vinkelen. Den som skal slå denne scoringa må dra fram noke heilt spesielt. Elles utmerka Mohammed seg med godt spel og tre mål.
Desse laga måla:
Mohammed - 3 Arnstein - 2 ?òyvind - 1 Eirik - 1 Odd Arild - 1

høg innsatts Foto:lars jonas
|

odd arild - årets mål Foto:lars jonas
|
|