Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Publikumsrekord på Nye Kreklingen under landskampen



Nasjonalsongane vert spela
Foto:Geir Harkjerr

Torsdag kveld var det stor stemning på Kreklingen då Balestrand sine jenter spela mot Les Aiglonnettes du Mali

Klokka 1720 runga nasjonalsongane for Mali og Noreg ut frå høgtalaranlegget. Speaker, Rune Haugen, las så høgtidleg opp namn og nummer spelarane og trenar. Sjølvsagt vart dette gjort både på fransk og norsk.

Kampen vart spela med 2 x 40 minutt, og allereie etter 31 sekund var laget frå Mali i føringa. Dei gav seg ikkje før det stod 0-6 til pause.

Balestrand var tydeleg nervøse dei første minutta, og hadde meir en nok med å springa i mellom fintspelande afrikanske jenter.

Mali er truleg det beste jentelaget som nokon gong har vore på besøk på Kreklingen. Teknikk og samspel vart synt fram som ein nesten berre drøymer om.

Hovudutfordringa var å koma tett nok opp i markeringane. fekk Malijentene ein meter eller to, var det nok til at Balestrand fekk problem.

Etter pause kom Balestrand noko betre med, men hadde vanskar med å koma seg til avslutningar. To minutt før fekk Lina pynte på resultatet med å setje inn 1-9.

Laget frå Mali vil truleg nå langt under årets Norway Cup. Det er difor kjekt at vi får vere vertslag for dei, og at vi kan vere med å heia dei fram i Oslo.

Omlag 150 tilskodarar fann vegen til Kreklingen, og det må vel vere publikumsrekord?

Flott gjennomkøyring for begge lag, og fredag morgon reiser vi i felles buss til Oslo.

Håpar at Balestrendingane ??g finn vegen til Oslo for å heia på våre eigne jenter og jentene frå Mali!


Jentene til Balestrand og Les Aiglonnettes du Mali
Foto:Sveinung Alværen


Mali gjorde nesten som ville
Foto:Geir Harkjerr



Skrive av: Geir Harkjerr (28.07.05 - 23:57)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488645 besøk, sidan 18. juli 2005