![]() | |||||
![]() |
![]() Akvariet var ei spanande oppleving
Kano- og båtturar fall i god smak hjå dei afrikanske jentene. I tre og ein halv time boltra dei to laga seg på akavariet. Padletur med kanoar, småbåtar, omvisning inne og ute på akvariet var hovudingrediensane. Midtvegs vart det servert grilla kylling og salat. Badetemperaturen måtte sjølvsagt ??g freistast, men berre ei av jentene frå Mali våga seg ut i fjorden. Det heile vart avslutta med framsyning av lysbileteserie. Ein sliten gjeng frå Mali vart fyld tilbake til skulen for eit par timar avslapping før middag vert servert i Myri klokka 2000. Då skal vi ete kalvegryte laga av Midtnes Pensjonat. Kvelden vert avslutta med bålbrenning og mykje anna moro. Ein flott start på opphaldet i Balestrand, og jentene og leiarane frå Mali vergar godt nøgde. Veret har ??g vore heilt fantastisk.
|
||||
Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4692526 besøk, sidan 18. juli 2005 |