Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


No er endeleg laget frå Mali på plass i Balestrand




Foto:Geir Harkjerr

Etter å ha vore på reise i omlag to døger, kom Malilaget til Balestrand kl 0600 onsdag morgon.

Knut Steinar, Svein, Lina, Ragnhild, Sara og Geir var tidleg oppe og møtte laget då bussen køyrde iland på Dragsvik onsdag morgon klokka 0600.

Etter ei lang reise, gjekk laget til ro på skulen eit par timar. Det vart forklard på flott fransk at "frukosten varer etter 10 år". Vi rodde oss bra inn og retta til at det er to timar til frukost.

Jentene frå begge laga åt felles frukost på skulen.

Så kom ordførar, Erland Fagermoen, og ynskte det afrikanske laget velkomne til Balestrand. Jenter og lagleiarar fekk kvar sin kopp og pins med kommunevåpenet til Balestrand på. Ordføraren fekk ein flott treskulptur tilbake.

Stor takk til Ruth Solveig Netland, som stilte opp som ein uunnværleg tolk!

Vi spela så litt fotball på Kreklingen, og ein ting er i alle fall sikkert. Desse jentene kan verkeleg å spela fotball!

Flott teknikk med ballen, gode skot, og eit fintereportoar langt over norsk standar vart synt fram.

I morgon, torsdag, er det som kjend "landskamp" mellom Balestrand og Mali på Kreklingen klokka 1700. Det trur vi vil verte ein fantastisk fotballkamp.

Ein oppmodar alle om å koma å nyta den afrikanske sambafotballen som våre jenter skal få bryna seg på.

Det vert spela nasjonalsangar over høgtalaranlegget før kampen. Dommar vert Kjell Rune Nyheim. Svein Asheim og Vidar Skåden skal vere assistentdommarar!

Lagleiarane til Mali fortalde at jentene er pukka ut frå ulike seriar i Mali. Dei har trena saman kvar dag dei siste fire månadane fram mot Norway Cup, så her kan det verte mykje moro!

Vel møtt til Kreklingen torsdag 28. juli klokka 1700! Møt gjerne opp i god tid slik at ein får med seg nasjonalsangane og anna moro.

 



Foto:Geir Harkjerr



Foto:Geir Harkjerr



Skrive av: Geir Harkjerr (27.07.05 - 19:09)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487163 besøk, sidan 18. juli 2005