![]() | ||||
![]() |
![]() Vanskeleg å koma seg fram i den store verda...
Etter mykje fram og tilbake har vi no fått tilbakemeldingar på at dei siste jentene frå Mali landar i Oslo i kveld kl 2100. Det betyr at laget køyrer buss til Balestrand i løpet av natta. Truleg vil dei koma med fyrste ferga onsdag morgon frå Hella klokka 0550. Morgonfuglane frå Balestrand vil sjølvsagt vere til stades for å ynskje velkomne med ein gong dei kjem innanfor kommunegrensa. Knut Steinar, Svein, Geir og tre-fire av jentene vil vere på plass på Dragsvik. Resten av jentene frå Balestrand møter på skulen til frukost seinast klokka 0800 onsdag morgon. Det er kjekt om nokre av dei vaksne har høve til å koma ??g. Ordføraren vil koma klokka 1000 0g ynskje velkomen, samt dela ut pins og krus med kommunevåpenet på. Kreklingen Stadion og Akvariet vil vere stadane der aktivitetane onsdagen i hovudsak vil føregå.
|
|||
Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4691337 besøk, sidan 18. juli 2005 |