Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Jentene gjer jobben mot Bjørn




Foto:Geir Harkjerr

Etter 6-3 sigeren måndag kveld på Kreklingen mot Bjørn, har Balestrand teke over tabelleiinga.


Vårsesongens siste kamp for jentene vart spela måndag kveld. I ein svært underhaldande kamp, vann våre jenter ein fullt fortent 6-3 siger.

 

Kampen starta på verst tenkeleg for Balestrand. Etter 41 sekund kom ein Bjørnspelar aleine mot Bergitte. Ho avverga det første skoten med ein fantomredning. Retur hadde Bergitte ikkje sjans på, og før minuttet var spela stod det altså 0-1.

 

Balestrandsjentene trengde ikkje lang tid å riste av seg denne sjokkopninga. 8 minutt var spela då Ragnhild braut på midten. Pasninga gjekk til Sara som spela flott vidare til Ingunn. Ho sette ballen enkelt i mål, og laga var like langt.

 

8 nye minutt gjekk det før Kamilla gav Balestrand leiinga. Ho smelte til frå tretti meter, og ballen gjekk i ein flott boge over keeperen til Bjørn.

 

3 minutt seinare small ballen i stanga på motsett side, men heldigvis gjekk den ikkje vidare i mål.

 

Då det stod att 3 minutt av omgangen, sette Lina i gang eit raid på venstresida. Ho sprang frå midten og avslutta med å setje ballen til venstre for keeper. 3-1 til heimelaget ved pause var heilt greitt etter 10-3 i sjansar til Balestrand.

 

I pausen vart vi einige om å fortsetje å vere aggressive og samtidig la ballen gå raskt mellom lagdelane.

 

Lina la på til 4-1 etter 13 minutt spel av 2. omgang, men berre to minutt seinare reduserte Bjørn til 4-2. Lina fortsette å storspela, og sikra seg sesongens andre ekte hatrick med å setje inn 5-2 og 6-2.  Denne gongen brukte ho 20 minutt på hatricket. Det må nemnast at 5-2 vart servert omlag fedigskåra av Sara.

 

Bjørn avslutta skåringsfesten på Kreklingen med å setje inn sluttresultatet 6-3 på straffespark fem minutt før slutt. Karita fekk heilt korrekt idømt straffespark mot seg.

 

Ein ny kjempeflott av kamp av jentene. Dei sluttar ikkje å imponera. Bergitte har ikkje så mykje å gjere, og måla kan ho ikkje gjera noko med. Ei glimrande redning like før 0-1 målet.

 

Marte gjer nok ein kjempekamp på høgre back, og viser utruleg stor vilje. Sandra har ikkje like mykje å gjere på motsett back, men løyser oppgåvene på ein framifrå måte. Og så har ho særs god venstrefot.

 

Det finns to "elgar". Den eine er tidlegare landslagsspelar Rune Bratseth. Den andre er Karita. Det er så godt som umogeleg å koma forbi ho. Ute ei kort stund med skade, men kjem innpå att og fortsett med same autoritet.

 

Ragnhild spelar på ein uvan plass som stoppar. Løyser det glimrande. Flink å koma seg ut og setje Bjørn i offside. Viser at ho kan vere eit særs godt alternativ som midtstoppar seinare ??g.

 

Ann Kristin og Heidi får den sentrale midtbana til å fungere nesten prikkfritt. Litt slitne mot slutten, men det skulle berre mangle etter ein solid arbeidsinnsats.

 

Kamilla skårar eit nydeleg mål. I tillegg viser ho fram farta si fleire gonger på høgresida. Ho skapar full forvirring i Bjørn sitt forsvar. Med litt meir teknisk trening, vil ho verte ustoppeleg.

 

Lina herjar som vanleg på motsett side. Fire mål er heller slett ikkje dårleg. I dag traff ho godt på målsjansane, og viser at plassen på krinslaget er ho verdig.

 

Ingunn jobbar som vanleg godt, og er "over alt" Skårar eit mål, og gjer mykje grovarbeid frå midten og framover. Super kamp, og viser storforma er inne.

 

Sara gjer mykje for alle andre. Serverer gode pasningar slik at andre får skåre. Tøffare i duellane i dag enn på lenge.

 

Marta kjem inn som midtspiss og jobbar kjempegodt. Ho stressar Bjørn sitt forsvar ved å springe fram og tilbake.

 

Ingvill spelar litt spiss og litt offensiv midtbane. Løyser oppgåve utmerka, og ho slår fleire gode pasningar.

 

Charlotte spelar dei siste 20 minutta. Viser at ho har trena bra i vinter i USA, og ho vil verte ein fin tilvekst fram mot Norway Cup.

 

Med seks sigrar, ein uavgjort og eitt tap, vert det truleg 2. plass på tabellen til slutt. Balestrand leiar etter kveldens kamp, men Sogndal vil koma opp på like mange poeng dersom dei sler ?ÖTIL seinare i veka. Diverre har sogndølene noko betre målskilnad enn våre jenter.



Foto:Geir Harkjerr



Skrive av: Geir Harkjerr (20.06.05 - 22:53)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487108 besøk, sidan 18. juli 2005