Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


A-laget vann mot Atløy




Foto:

Søndag føremiddag var Atløy gjestar på Kreklingen Stadion. Etter ein god sluttspurt vann Balestrand 5-2.

 

 

Kampen byrja med eit lite overtak til Atløy. Ikkje spesielt mange målsjansar vart produsert nokon veg, og det var mykje duellar og spel i midtbanesektoren.

 

38 minutt ut i omgangen gjekk Atløy opp til 1-0. Ballen spratt fram og tilbake i området ved sekstenmetaren. Ein Atløyspelar skaut nede til høgre for Kjell Rune og i mål. Kjell Rune var truleg noko dekka idet skotet kom, men kunne med litt flaks ha teke det.

 

Like etter burde Arnstein sett inn utlikninga, då han kom aleine mot Atløy sin keeper. Av ei eller annan uforklarleg årsak, bomma unge Menes. Det var i hvert fall ikkje banedekket si skuld!

 

Tre minutt før pause gjorde Arnstein det godt att. Han sette ballen enkelt i mål med breisida etter eit innlegg frå høgre.

 

Etter pause var Balestrand i periodar det beste laget. Ein del bra spel og kombinasjonar vart vist fram for heller glisne tribunar. Likevel var det Atløy som tok leiinga på ny. Ei dårleg avklaring vart returnert inn mot bakerste stolpe. Theodor og Senad kommuniserte ikkje, og det vart enkelt for Atløyspelaren.

 

Balestrand gav ikkje opp, og det vart produsert nokre brukbare avslutningar. Omlag midtvegs i omgangen utlikna Balestrand, og nok ein gong Arnstein. Han kjempa som ei løve og vann ballen i fleire duellar, før han sette ballen kontant i mål. Arnstein sitt mål, og eit praktfullt førearbeid!

 

Kampen stod no og vippa, og ein fekk inntrykk av at det laget som skåra neste mål, truleg ville vinne kampen.

 

Heldigvis vart det Balestrand. Mohammed sette inn 3-2 fem minutt før full tid. Arnstein sette unn 4-2 minuttet seinare på eit straffespark, og Henning avlutta på overtid med 5-2.

 

Ein flott arbeidssiger for eit av tidenes yngste og mest urutinerte Balestrandslag. Dette syner at det bur mykje i mange av dei unge spelarane. Med nokre meir rutinerte spelarar på sentrale plassar, og noko meir trening på ein del av ungdomane, kan det verte eit godt lag.

 

At laget var urutinert synte seg fleire gonger. Kommunikasjon, plassering og taktiske vurderingar er nøkkelord her. Hausten kan verte moro og spanande både for laget, trenarar og ikkje minst publikum!

 

Kjell Rune

Gjer jobben bra. Slit endå med nokre av målsparka, men har betra seg. Stiller spørsmålet om han kanskje kunne ha teke 0-1 målet, men var truleg dekka. Litt meir prating med forsvarsfiraren vil ??g vere ein fordel. Sikker i feltet og har eit godt grep. 6

 

Senad

Gjer ein flott jobb som midtstoppar. Bryt bra og taklar tøft og sikkert. Nokre plasseringsfeilar, men det kjem seg. Må dele skulda med Theodor på 1-2 målet. Ingen kommunikasjon. Sesongens beste kamp av Senad som gjev 8

 

Lars Jonas

Første kampen for BIL i år. Verkar noko rusten. Manglar kanskje kamptrening, og i alle høve samspel med dei andre i eit nykomponert forsvar. Viser til tider at han har rutine og er tøff i duellane. Pratar bra og gjev gode beskjedar til medspelarane. Litt for mange slurvete avleveringar dreg totalinntrykket ned. 7

 

Anders

Viser at han blir betre og betre til meir han spelar. Har tempoproblem, og manglar ein del taktisk. Slår gode dødballar, og treff med dei fleste pasningane. Ein del avklaringar utan særleg adresse. 6

 

Kenneth

Viser ??g at med å gje han tillit så veks han som fotballspelar. Har hatt ei god utvikling. Manglar ein del taktisk, men løyser oppgåvene som back på bra måte. Jobbar bra og absolutt godkjend. 6

 

?òyvind

Spring som vanleg mykje, og har hjartet utanpå drakta. Kjempar i duellar og vinn mange. Gjev seg aldri og har eit flott driv med høgt tempo. Kan med fordel verte endå litt meir presis i pasningane. 8

 

Arnstein

Byrjar og avsluttar som sentral midtbane, og løyser oppgåva på ein flott måte. Sterk og tøff i duellspelet, og går framføre slik ein kaptein skal gjere. Spelar spiss ein periode. Er stadig vekk ein trussel for forsvarane til Atløy. Kjempar inn 2-2 målet, og lagar i tillegg to mål til. Ein Arnstein i form er ein god Arnstein for Balestrand. 9

 

Theodor

Får ikkje så mange ballar som ein skulle ønske å jobba med på flanken. Vert prøvd som sentral midtbane ut i kampen, og det gjekk bra. Noko taktiske bom, men løyser jobben bra. Slår nokre gode pasningar som løyser opp forsvaret til Atløy. Ut med skade like før slutt. 7

 

Arve

Tvilsom på grunn av skade før start, men det viser seg å vere smart å la han spele. Har ein vinnande spelestil og taklar bra. Utfordringa er å halde temperamentet nede. Ikkje noko stor utfordring denne kampen. Har ein genial pasningsfot og les spelet utruleg bra. Litt kjappare med å kome seg etter ballen når BIL er angrep, vil gjere det endå betre. Ein spelar for framtida som det lyt satsast på. 7

 

Mohammed

Rask og tøff i duellane. Saknar likevel litt meir trøkk i enkelte situasjonar. Når Mohammed roar ned temperamentet og konsentrerar seg om å spele fotball, så er han god. Eit par unødige opphissingar denne kampen, men elles bra. Skårar eit flott mål i tillegg til at han skaper mykje med farta si. 7

 

Henning

Kjem inn for Abullah etter 25 minutt i første omgang. Klarer seg bra. Verkar litt tafatt og ‚Äùredd‚Äù i enkelte situasjonar, men syner ??g at han mykje fint i seg berre han får tillit. Kan med fordel verte litt tøffare. Prøvar på noko fiksfakseri som ikkje lukkast. Gjer det enkelt, så vert det endå betre. Skårar 5-2 målet, og får godkjend opptreden. 6

 

Abullah og Abduljebar fekk for lita speletid til å få eigen vurdering.



Foto:



Foto:



Skrive av: Geir Harkjerr (20.06.05 - 17:13)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488712 besøk, sidan 18. juli 2005