Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Jentelaget vann igjen




Foto:Geir Harkjerr


I ein kamp som skulle syne seg å verte vansklegare enn kva vi trudde på førehand, synte jentene god lagmoral, og vann til slutt 2-1

Sist vi møtte ?ÖTIL, vart det ein komfortabel 11-0 siger. Onsdag kveld vart det mykje vanskelegare.


Balestrand hadde ballen nesten heile 1. omgang, og spelte seg fram til 21 avslutningar/målsjansar. Likevel vart det med ei skåring. Den sette Lina inn etter 10 minutt spel.


?ÖTIL var omlag på same nivået som sist, men det var nesten endå tettare framfor målet. ?ÖTIL-jentene kjempa bra, men vart til tider utspelt av fintspelande Balestrandjenter.


Trenaren meiner at denne kampen kanskje var sesongens beste med tanke på samspel og gode kombinasjonar. Jentene torde ??g å prøva på ting som dei vanlegvis ikkje gjer.


Vi vart einige om å nytte kantane i større grad denne kampen. Jentene prøvde, men kom ikkje så ofte rundt som ein hadde kunne ønska.


24 minutt ut i omgangen fekk ?ÖTIL ei kontring, og det stod 1-1. Det var einaste skikkelege angrepet/avslutninga til ?ÖTIL i 1. omgang.

 

Nok ein gong syner Balestrand at det er noko som manglar framføre motstandaren sitt mål. Trenaren vil likvel våge den påstanden at det ikkje er berre utdyktigheit og mangel på konsentrasjon som gjer det. Ein del av sjansane er det berre uflaks som hindrar at det blir mål. Tre gonger small ballen i stang og tverrligger.

 

I pausa gav jentene klart uttrykk for at dei var sinte, og då i hovudsak på domaren. Ein kan vel seie at støtteapparatet heller ikkje var heilt nøgd med vedkomande som stod på midten ikledd ein raud tettsittande vest.

 

I hovudsak var det mangel på frispark som vart nemd som årsak. Vi vart einige om å trykke til endå meir i taklingane, og verte mykje tøffare.

 


I 2. omgang fortsette Balestrand å ha banespelet, og totalt 14 målsjansar vart notert. ?ÖTIL hadde 2. Ikkje før det var fem minutt av kampen klarte jentene å sette inn den avgjerande skåringa.Sara kjempa godt inne i feltet og vann ballen. Ho fekk gjeve ballen vidare til Ingunn, som sette inn sigersmålet frå kort hald.

 

Det er utruleg kor engasjert ein kan verte av ein fotballkamp. Mannen i raud vest var i stor grad med på å halde engasjementet oppe. ?ÖTIL fekk lov til å nytta armane omlag like mykje som føtene. Dei heldt og skubba, og produserte flust med frispark. Det vart imidlertid ikkje blese frispark. Då våre jenter skjøna at det ikkje var blese ‚Äùfor noko‚Äù, vart det armbruk derifrå ??g.

 

I 2. omgang laga Balestrand ??g mykje frispark, og var på ingen måte betre en motstandaren.


Det heile toppa seg kvarteret før slutt. Lina heldt rundt ein ?ÖTIL-spelar som gjorde sitt beste for å koma seg laus. Ho lukkast nesten, men Lina si hand ‚Äùhang att‚Äù i drakta til ?ÖTIL-spelaren slik at denne omlag stod som eit flagg i sterk kulig. Sjølvsagt eit soleklart frispark til ?ÖTIL, og eit like klart gult kort til Lina. Mannen i raud vest bles ikkje, og ?ÖTIL-spelaren snudde seg rundt og slo til Lina i andletet. Direkte raudt kort ymta Balestrandsgjengen fram om. ‚ÄùSåg da ikkje‚Äù, sa mannen i raud vest.


I tillegg vart Ingunn skvisa ned mellom to motstandarar, som likegodt sparka og trakka Ingunn i ryggen medan ho låg på bakken.


 
Kaptein, Ann Kristin, freista ??g å fortelja mannen i raud vest nokre sanningas ord, men det ville ikkje mannen i raud vest høyra på.

 

Det vart blese frispark til ?ÖTIL to gongar i 2. omgang. Det eine var greit, og det var når Ann Kristin og Heidi kolliderte på midten...

 

Vel, då får det vere nok om det som nokon sikkert oppfattar som ‚Äùsyting‚Äù. Det er likevel synd at ein som skal vere domar ikkje sler ned på slik destruktiv fotball. Ikkje mykje Fair Play, og ein ynskjer ikkje at det skal vere slik!

 

Det viktigaste, Balestrand vann kampen, og har like mange poeng som Sogndal. Berre målskilnaden sender jentene ned på andreplass før siste serierunde. Den vert spela måndag 20. juni klokka 1845 heime på Kreklingen. Då kjem lag nummer tre, Bjørn, på besøk. Dei puster Sogndal og Balestrand i ryggen, berre eit poeng bak.



Foto:Geir Harkjerr



Foto:Geir Harkjerr



Skrive av: Geir Harkjerr (18.06.05 - 10:48)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488646 besøk, sidan 18. juli 2005