Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Smågutane tapte siste kampen før ferien




Foto:jarle geithus

Balestrand sitt smågutelag dumma seg ut mot Vik, og tapte heile 7-1 på Vik stadion måndag 13. juni.

 

Allereie før avreise starta elendet, då ein av dei sentrale spelarane på laget ikkje møtte opp til avreise. Trenaren måtte difor gjere omrokkeringar på laget. Om det var dette som gjorde utslaget er vanskeleg å seie, men gutane spelte sin desidert dårlegaste kamp denne sesongen og vart til tider totalt overkøyrde av laget frå bygda med den grusomme osten.

 

I første omgang var gutane knapt over midtbana, dei hadde riktig nok ein gedigen sjanse som vart redda på streken, men elles dominerte vikjene stort. Det var difor ingen ting å seie på at Vik gjekk til pause med 2-0.


I andre omgang heldt elendet fram. Det var tydeleg at gutane etter kvart gav meir eller mindre opp. Det var berre eit par av spelarane som spela opp mot sitt vanlege nivå. Det var difor ein flau gjeng som var glade då pipeblåsaren frå Vik endeleg kunne blåse av kampen. på stillinga 7-1. 


Det er utruleg at dette laget har spela  to jamne kampar mot Vik tidlegare i år (2-2 og 3-3) på heimebane.

Heldigvis er det ikkje noko som blir så fort historie som ein fotballkamp. Sjølv om det var svært skuffande det som gutane presterte, er det viktig å ha med seg at laget har spela fleire gode kampar i vår.


Me gratulerar Vikjene med ein fortent seier av gruppa og ønskjer dei lykke til vidare til hausten når laga skal delast inn i nye grupper. Balestrendingane vart nr. to i gruppa foran  Syril og Sogndal II. Alt i alt ein god prestasjon. Så gløymer me denne dritkampen og lovar å kome grusomt tilbake når serien tek til att til hausten.



Skrive av: Alf M. Høyrem (14.06.05 - 23:31)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487399 besøk, sidan 18. juli 2005