Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Jentelaget køyrde over ?Ördalstangen




Foto:jarle

11 mål til våre jenter, og 0 til bortelaget stod det då domaren bles av kampen. Det burde vore mykje meir...

Fredag kveld spelte jentene ein utsett kamp heime på Kreklingen mot ?Ördalstangen. Og la det vere sagt med ein gong, det var aldri nokon tvil om kven som ville vinne denne kampen.


Allereie etter 8 minutt spel stod det 4-0 til heimelaget. Lina starta etter 2 minutt med eit langskudd som keeperen til ?Ördalsjentene eigentleg hadde kontroll på, men ho slapp ballen over hovudet og vidare inn i må.


Lina auka til 2-0 fire minutt seinare. 3-0 sette Ingunn enkelt inn frå fem meter etter eit flott raid og innlegg frå Kamilla. Ingunn valde å gjere alt sjølv minuttet seinare. Ho sprang igjennom frå midten og sette ballen i mål til 4-0.


Så kom ein periode der Balestrandsjentene sløsa vekk fleire opplagde målsjansar. Ein talde fire 50-100% sjansar. Ikkje før kampuret viste 35 minutt kom neste mål. Lina skåra sitt tredje mål. 3 minutt før pause fastsette Ingvill pauseresultatet til 6-0. Eit nytt innlegg frå høgresida, som Ingvill sette vakkert til side for keeper.


I pausen vart det fokusert på at vi måtte prøve å bruke kantane endå meir. Jentene var noko frustrerte over at det vanskeleg å spele mot eit lag som omlag heile omgangen låg med 11 spelarar rundt eigen sekstenmeter.


3 minutt ut i andre omgang sette Ingunn i gang eit av sine mange gode løp frå midten. Ho fossa forbi alt som heitte med- og motspelarar, og sette ballen i mål til 7-0.


Etter 16 minutt sette Karita ballen i mål direkte frå eit frispark nesten ved midtstreken, og det stod 8-0.


10 minutt seinare la Ingunn på til 9-0, og ho fortsette skåringsshowet sitt med å sette to nye ballar i mål i løpet av dei tre siste speleminutta.


Totalt sett ein flott innsats av jentene som hadde full kontroll gjennom heile kampen. Våre jenter tillet ikkje ?Ördalstangen å avslutta mot mål ein einaste gong. Det einaste dei fekk med seg var fire frispark...


Alle jentene viste fram fine takter, og spelte flott fotball. I tillegg laga dei mange mål. Ingunn imponerte særleg med mykje gode løp og gjennvinning av ball, og ikkje minst laga ho seks mål!


For publikum, som det det nok ein gong var mange av, kunne det sikkert høyrast ut som om trenar og oppmann ikkje var heilt fornøgde ut frå dei beskjedane som vart gjevne frå sidelinja. Ein vil understreka at begge sjølvsagt er strålande fornøgd med den innsatsen som jentene viser, og 11 mål er ikkje vanleg kost.


Likevel er realiteten den at målskilnaden vil vere avgjerande for kven som rykker opp til 1. divisjon frå hausten av. Då må vi omsetje fleire av dei store målsjansane i skåringar.


I første omgang vann Balestrand sjansestatistikken med 17-0 i tillegg til dei seks måla. I andre omgang vann vi 22-0 i tillegg til fem mål...


Jentene har framleis sjansen til å pynta på målskilnaden. Førstkomande onsdag reiser vi til ?Ördal for å spela returkampen mot ?Ördalstangen. Tysdag 21. eller onsdag 22. juni avsluttar jentene heime mot Bjørn. Vi ynskjer alle velkomen til den kampen som vil avgjere kven som vert å finne i den øvste divisjonen frå hausten av.



Foto:Geir Harkjerr



Skrive av: Geir Harkjerr (11.06.05 - 10:24)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487369 besøk, sidan 18. juli 2005