Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Jentelaget heng framleis med i toppen




Foto:jarle

Trass fleire målsjansar vart det berre to skåringar i heimekampen mot Sogndal.


Jentene syner at laget for tida er i knallform. Dei har dominert banespelet store delar av dei fem kampane som er spela så langt. Onsdag kveld var Sogndal gjestar på Kreklingen. Nok ein gong var våre jenter i praktslag, men diverre vart ikkje så mange av dei store målsjansar omsette i skåringar.


Dei første 20 minutta av kampen bestemte Balestrand det meste som skjedde ute på bana. Ingen store målsjansar, men nokre avslutningar kom dei til.


Midtvegs i omgangen skjedde det noko rart. Jentene frå Balestrand vart upresise i presset, pasningsspel og markeringar. Sogndal fekk koma inn i kampen og gjekk ufortent opp til 1-0 etter 37 minutt spel.


Spelarane frå Balestrand var på etterskot heile tida, og ein Songdalsspelar kom seg laus og sette ballen tilside for Bergitte.


I pausen vart ein einige om at det som vart vist mot slutten av 1. omgang ikkje var slik vi ynskte å vise oss fram. Jentene gjekk ut på bana etter pause med eit mål for auget, nemleg å snu og vinna kampen.


2. omgang starta bra og Balestrand hadde eit par skot som keeperen til Sogndal tok seg av.


Så, etter 9 minutt av 2. omgang auka Sogndølene til 2-0. Eit skot frå cirka 16 meter som sneik seg inn. Ikkje noko godt skot, og kanskje skulle Bergitte ha tatt den.


Etter dette vart det hektisk aktivitet på sidelina. Trenaren la om formasjonen og sette fram tre reine spissar. Tre sentrale midtbanespelarar, og svært så offensive backar.


Det førte til jentene våre fekk eit endå større trykk mot Sogndal sitt forsvar. Med ein gong ballen vart vunne, sette backane fart og laget bølga framover.


Ingunn reduserte etter 13 minutt spel, før ho ??g utlikna 5 minutt seinare.


Med 22 minutt av kampen, fortsette Balestrand sitt offensive spel. Laget spela til tider glimrande fotball, med flotte pasningar, løp og høgt tempo. Sogndal hadde til tider meir en nok med å forsvara seg.


Likevel lukkast det ikkje få inn den avgjerande skåringa trass fleire relativt store målsjansar. Kamilla herja på høgresida, men dei innlegga som kom vart ikkje omsette i skåringar.


Spissane som avslutta kampen, Lina, Sara og Ingunn gjorde alle ein bra jobb, men ein saknar framleis ltt meir trøkk når ein nærmar seg motstandaren sin sekstenmeter.


Det er ikkje rett å trekka fram enkeltspelarer i ein kamp der heile laget spelar ein så god kamp. Likevel må det takast med at Marte nok ein gong gjorde ein kanonkamp på høgrebacken. God offensivt, og nesten ikkje ein einaste feil i duellspel og markeringane.


Svært positivt at laget reiser seg etter ein kort svak periode i 1. omgang, og at ein tek igjen 0-2. Dette lovar bra framføre dei tre siste kampane. Med siger i desse kampane, er det målskilnaden som bestemmer kven av Balestrand og Sogndal som spelar i 1. divisjon frå hausten.


Allereie no på fredag, 10. juni, kjem ?Ördalstangen på besøk til Kreklingen. Vi ynskjer alle velkommen til ny fotballmoro saman med jentelaget på Kreklingen då. Kampen byrjar klokka 1845!


Foto:jarle



Foto:jarle



Skrive av: Geir Harkjerr (09.06.05 - 15:23)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487463 besøk, sidan 18. juli 2005