Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Lillegutt 94 slo Hyllestad borte




Foto:harald offerdal

Eit velspelande lillegutt 94-lag vann utan nemneverdige vanskar mot Hyllestad på bortebane onsdag kveld.



Sjølv om Hyllestad gjekk opp til 2-2, var sigeren ikkje truga. Balestrand vann til slutt 4-2, men laget fekk denne kvelden ikkje full uteljing på alle sine utallige målsjansar.


Dethøyrer også med at vi brende ei straffe.


Laget har terpa på formasjonar i heile vår og byrjar etter kvart å få utteljing for dette. Solid defensiv jobbing gav rom for det offensive spelet som til tider var alldeles glimrande. Gode løp der spelarane gjorde seg spelbare, opprulling langs kantane og trekantspel gav etter kvart mange målsjansar. Som ein av tilskodarane frå Hyllestad sa: Detter er moro å sjå på."


Alle spelarane kjempa heilhjarta, Denne kampen ville dei berre vinna etter å ha tapt for det same laget på heimebane.


Balestrand hadde denne kvelden to forfall og fekk elles ein spelar skada alt i dei første minuttane.


For Balestrand scora Kristoffer Lidal (3) og Per ?Äki Kvikne (1).


Som sagt - dette var rett og slett moro å sjå på.



Skrive av: Harald Offerdal (09.06.05 - 15:20)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487434 besøk, sidan 18. juli 2005