Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Smågutane slo Syril 3-2




Foto:jarle geithus

Smågutelaget til Balestrand vann 3- 2 over Syril i en spanande kamp på Kreklingen stadion måndag 6. juni. Dermed fekk laget revansj for tapet på bortebane tidlegare i vår.

 

 

Balestrand hadde den første store sjansen i kampen, men avslutninga etter gjennomspel i midten, strauk feil side av stolpen. Ikkje mange minutta seinare hadde Syril ein tilsvarande stor sjanse, men heldigvis gjekk skotet utanfor.


Så fekk Balestrand laget straffe. Underteikna har sett klarare straffespark, men ein myndig og god dommar peika på straffemerket etter høglydte protestar frå spelarar og leiarar frå fruktbygda på andre sida av fjorden. Leiarane gav for øvrig verbalt uttrykk for kva dei meinte om domar og spelarar under heile kampen. Straffesparket vart imidlertid redda av Syril sin gode keeper. Laga gjekk difor til pause på stillinga 0 - 0. Eit heilt greitt resultat etter ein heller sjansefattig førsteomgang der begge laga hadde to store sjansar kvar.

 

I pausen fekk laget melding om å prøve å halde på formasjonen og å vere tålmodige, så ville målsjansane kome etter kvart.

 

Og sjansane kom. Ut over i andre omgang tok Balestrendingane gradvis meir over (her er det vanskeleg å vere objektiv) banespelet, spesielt midtbanen fekk etter kvart god kontroll og  styrte kampen. Det var difor ikkje ufortent at Espen, som for øvrig saman med Kristoffer, spelte ein god kamp på sentral midtbane, kunne sette inn 1-0 etter eit godt angrep.


Ikkje mange minutta seinare spela Espen Eirik fint igjennom. Eirik gjorde ingen feil, og med ein flott lobb sette han inn 2-0. Syrstrendingane kom imdidlertid tilbake med ein sluttspurt. Dei var heldige og reduserte etter kort tid til 2-1. Ikkje lenge etter kunne bortelaget på nytt juble etter at dei utlikna til 2-2 etter eit fint angrep.


Heimelaget hadde imidlertid bestemt seg for å vinne kampen denne kalde junikvelden. Dei gav ikkje opp og berre 6 minutt før slutt kunne Gustav sette inn 3-2 på ei nydeleg heading etter corner. Syrstrendingane prøvde desperat å utlikne dei siste minutta, men gutane kunne ro i land ein fortent seier.


No gjenstår det ein kamp før det er fotballferie, borte mot  Vik komande måndag. Naboane frå andre sida av fjorden har vunne alle kampane med unnatak av ein. Mot kven? Mot Balestrand sjølvsagt, ettersom kampen på Kreklingen tidlegare i vår enda 3-3.


Gutane kan ikkje rykke opp til 1 .divisjon uansett, ettersom laget har med spelarar på dispensasjon. Vik vil difor rykke opp uansett utfallet av den siste kampen. 



Foto:Geir Harkjerr



Skrive av: Alf M. Høyrem (07.06.05 - 23:48)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487140 besøk, sidan 18. juli 2005