Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Endeleg siger igjen for Arnstein sine disiplar




Foto:

Tysdag kveld vann A-laget endeleg att. 4-2 vart resultatet i ein kamp der heimelaget til tider spelte svært bra.

Laget var nesten ikkje til å kjenna att i frå dei to føregåande heimekampane.


Balestrand gjekk ut med stor agressivitet heilt frå starten. Viljen og innsatsen som ein dels har sakna tidlegare i sesongen, synte seg no å vere på plass.


Allereie etter 7 minutt sette Tor Inge ballen vakkert i mål. Han heldt hovudet kaldt etter å ha motteke ballen på cirka 25 meter. Skotfoten vart sikta inn, og ballen låg i nettet.


Heimelaget kunne ha auka like etter, så ballen small i tverrliggaren. Dale hadde ??g eit skot i tverrliggaren nokre minutt seinare.


2-0 vart det etter 21  minutt. Theodor spela Mohammed flott igjen på høgreside. Mohammed sette fart og la ballen inn hardt langs bakken. Arnstein kom siglande på bakerste stolpe og sette ballen enkelt i mål.


Etter 24 minutt fekk Kjell Rune vist seg fram. Han rykka ut og redda bra eit skot frå kort hald.


Seks minutt seinare sette Halvard inn 3-0 etter nok eit innlegg frå Mohammed.


Fem minutt før pause gjekk Arnstein opp og vann ein hovudduell. Hallvard tok andreballen og sette fart mot mål. han la enkelt på til 4-0. Så bled dommar Rømmen av til pause.


Etter pause verka det som om dei fleste spelarane ein periode framleis trudde at det framleis var pause. Pasningsspelet sat ikkje så godt som før pause, og det vart noko meir rufsete bakover. Det må takast med at det var ein del endrigar på laget i løpet av omgangen, som sjølvsagt kan vere med på å forklare kvifor dette skjedde. Det må ??g nemnast at Tor Inge vart skada mot slutten av 1.omgang, etter å levert ein god innsats.


Balestrand spelte seg likevel fram til fleire brukbare målsjansar, og Arnstein burde ha skåra i hvert fall to mål til. I tillegg hadde Hallvard nokre bra avlutningar.


Dale kom meir med i spelet i løpet av andre omgang. Ballen small i stanga etter ein corner, og i tillegg fekk dei opningar til fleire skot. Dei fleste gjekk heldigvis over eller utanfor, og dei som traff mål, redda Kjell Rune enkelt.


Etter ein halvtimes spel reduserte Dale til 1-4, og rett før slutt vart det ny redusering til 2-4. Siste eit frispark som Kjell Rune burde ha teke.


Totalt sett for laget, var det mykje bra. Ein del spelarar viser gode takter, men enkelte er framleis noko upresise i val og handlingar. Litt skuffande at intensiteten, presisjon, duellvilje og skåringsteft berre heldt i ein omgang. Det var likevel nok til å vinna kampen!

 

Kjell Rune:
Sikkert grep på ballen. Fleire gode og presise utspel. Burde teke Dale sitt andre mål. 6


Theodor:
Stor vilje og tempo. Litt problem med plassering i samband med markering. Kjem ein del gonger på mellomdistanse. Saknar litt meir offensivt, men hadde kanskje ikkje fått beskjed om det?  6


Sveinung:
Viser at han rutine. Vinn duellar og skjer fint av løp. Taktisk smart. Manglar kamptrening, men viser stor autoritet og dirigerer forsvaret bra. Slitne bein mot slutten 7


Thomas:
Sterk i duellar. Rask og stor innsats. Løyser oppgåvene bra. Saknar meir kommunikasjon med resten av forsvaret og keeper. 6


?òystein:
Manglar framleis tempo, men det vart synleg berre eit par gonger. Stor innsats og gjev seg aldri. Svært gode dødballar  6


?òyvind:
Er på gang. Viser stor innsats og taklar bra. Nokre taktiske missar, men kompenserar med tempo. God kamp.  6


Eirik:
Skapar stabilitet på midten. Ein del geniale løysningar. Tek finter, slår pasningar og har stort sett full kontroll. Minus for eit par "uvørne" pasningar.  7


Senad:
Byrjar på flanken og endar som stoppar. Trur i utgangspunktet at back eller flanke bør vere alternative plassar. Jobbar bra, men gjer fleire missar på markering som stoppar.  5


Mohammed:
Enorm fart, og herjar med forsvaret til Dale i byrjinga av kampen. Fleire flotte raid på høgresida, og gode innlegg. Kunne ha skåra sjølv og, men gjev målgjevande. Skulle truleg hatt raudt kort etter å ha slått etter Dale sin keeper i samband med ein duell i andre omgang.  6


Arnstein:
Skåra eit mål etter å ha "lukta" at ballen ville kome på bakerste stolpe. Dagens kaptein, men saknar litt meir snakk/dirigering av troppane sine. Atterhald om at beskjedar vart gjeve men ikkje høyrt av underteikna. Jobbar bra og spring mykje. Skapar rom for andre med god bevegelse. Kunne og burde ha skåra minst eit mål til.  7

Halvard:
Kom inn for Tor Inge etter omlag 20 minutt. Skaper mykje med fart og teknikk, og sett to baller i mål. Saknar litt meir ansvar bakover når motstandar har ballen. Og så var det dette med å slå ballen og ikkje drible seg inn i vanskar...  6


Tor Inge, Kenneth, Abduljebar, Henning, Madushanka, Anders og Kim Thomas hadde for lita speletid til å få spelarvurdering.

 



Foto:



Foto:



Skrive av: Geir Harkjerr (07.06.05 - 23:23)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487375 besøk, sidan 18. juli 2005