Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Smågutelaget slo Sogndal 4-2




Foto:jarle geithus

Smågutelaget til Balestrand vant 4-2 over Sogndal II i ein kamp i Sognahallen onsdag 1.juni.



Smågutane vann 10 - 0 heime over dette laget tidlegare i vår. Dvs., dette laget var ikkje det same laget som dei køyrde over på heimebane. Sogndal hadde denne gongen med fleire andre og betre spelarar enn dei stilte med sist. Underteikna meiner difor at det var ein større prestasjon å vinne 4-2 på borebane mot dette laget,  enn det var å vinne 10-0 på heimebane.

 

Det starta imidlertid dårleg, ettersom Sogndal tok leiinga 1-0 etter berre 5 minutt. Balestrand kom imidlertid gradvis meir med, og dominerte etter kvart kampen. Dei siste 20 minutta av 1. omgang er vel noko av det beste dette laget har prestert denne sesongen. Fleire fine kombinasjonar med innlegg frå kanten, spesielt frå høgre sida. I denne perioden scora dei 2 mål, men burde ha scora langt fleire.


Sogndal hadde i tillegg til målet dei scora, berre ein stor målsjanse i denne omgangen då ein av spelarane vart spelt igjennom åleine med keeper. Men Andreas redda meisterleg,  rett og slett ei utruleg god redning. Gutane kunne difor gå til pause med leiinga 2-1.

 

I andre omgang var det tydeleg at det var mange slitne spelarar, men det galdt og motstandarane. Det var varmt og dårleg luft inne i hallen. Dette førte nok til at spelarane vart ekstra fort slitne.


Balestrand hadde god kontroll på sogndølene også i andre omgang, sjølv om dei aldri nådde opp til det nivået dei viste i første omgang. Gutane gjekk etter kvart opp til 3-1 og 4-1 etter gjennomspel i midten. Det siste kvarteret vart imidlertid forsvaret litt for ivrig, kom for langt opp på bana og mista formasjonen. Dette førte til at Sogndal kom i overtal ein 3-4 gongar. Det gjekk imidlertid bra heilt fram til sluttminuttet då Sogndal fekk frispark i farleg posisjon. Frisparket gjekk rett i mål og 4-2 var eit faktum og domaren kunne blåse av kampen.

 

Alt i alt ein godt gjennomført kamp av gutane. Seieren burde imidlertid ha vore langt større.


Trenaren liker ikkje å trekke fram einskilde spelarar. Det vert ofte for stor fokus på dei som scorar mål i høve til andre som gjer like store prestasjonar på bana. Det er likevel ikkje til å unngå å nemne Eirik. I denne kampen scora han alle fire måla til Balestrand, og var ein konstant trussel for forsvaret. Spesielt med tanke på at han var den yngste spelaren på bana, imponerte han med godt spel og sikre avslutningar. Det skal bli spanande å sjå kor langt den guten når.


Laget har til no berre tapt for Syril. Måndag 6. juni har imidlertid gutane mulighet til å revansjere det forsmedelege tapet tidlegare i vår på ein dårleg og humpete grasbane i Leikanger. Då kjem nemleg Syril på besøk til nye Kreklingen stadion. Kampen tek til kl. 19.00.



Skrive av: Alf M. Høyrem (02.06.05 - 21:13)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488612 besøk, sidan 18. juli 2005