Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Jentelaget i skåringsform




Foto:Geir Harkjerr

Sju gongar måtte motstandaren sin keeper plukka ballen ut av målet, då våre jenter var på besøk onsdag kveld.


Allereie etter 53 sekund vart det 1-0. Ann Kristin slo ein fin gjennombrotspasning til Lina, som aleine med keeper sette ballen i mål.


Jentene frå Balestrand heldt fram slik dei har spelt dei siste kampane. Mykje bra spel, høgt press, og stor agressivitet.


Etter 20 minutt la vi om frå 4-3-3 til 4-4-2. Kamilla vart sett inn og fekk brukt farta si fleire gongar på høgresida.


21 minutt viste klokka då Sara la på til 2-0, etter å gjort nesten alt sjølv. 7 minutt seinare viste Sara seg på ny fram. Ho kjempa seg til dødlinja og slo pasning tilbake rett i beina på Lina. Lina sette inn sitt andre og vårt tredje mål.


Etter 40 minutt var det Ingunn sin tur til å skåre. Fint samspel mellom Lina og Ingunn gav 4-0 til pause. 14-2 i sjanseprotokollen viser at det ikkje var noko å seie på pauseresultatet.


I andre omgang helt Balestrand fram med å styra kampen. 9 minutt ut i omgangen slo Karita eit frispark i straffefeltet til Lærdal. Heidi kjempa til seg ballen og sette inn 5-0.


Ingunn skåra dei to siste måla etter 19 og 32 minutt av andre omgang.


I tillegg hadde Balestrand fleire store sjansar som med litt meir flaks og dyktigheit kunne enda med mål. Kamilla sprang mykje og jobba bra, og prikken over i'en hadde vore ei skåring. Den kjem truleg i neste kamp. Silje hadde ??g fleire sjansar etter å kjempa til seg ballen foran målet til Lærdal. 16-4 til våre jenter i målsjansar denne omgangen.


Då domaren bles av for full tid stod det 7-0 til Balestrand.


Balestrandsjentene stilte i heilt ny drakter til denne kampen. Eit flott Umbrosett som er sponsa av Coop. Framover vil ein difor ikkje lenger sjå laget i dei kvite draktene, som vi ??g fekk frå Coop i fjor. No vert det blått, som ??g er hovudfargen til Balestrand!


Onsdag 8. juni klokka 1900 kjem Sogndal på besøk til Kreklingen. Det vert ein kamp som kan ha stor innverknad i opprykkskampen. Vi håpar difor at flest mogleg kjem og støttar oss den kvelden!




Foto:Geir Harkjerr



Foto:Geir Harkjerr



Skrive av: Geir Harkjerr (02.06.05 - 15:21)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488713 besøk, sidan 18. juli 2005