Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Småjentene har funne sigersoppskrifta




Foto:Geir Harkjerr

Småjentene tok sin andre siger på rad då Sogndal var gjestar på Kreklingen tysdag ettermidag.



Sogndal byrja kampen best. Jentene frå saftbygda hadde ballen mykje og viste til tider at dei var ven med ballen. Lekevel klarte dei ikkje å skape dei heilt store målsjansane.


Så, midt i ein god Sogndalperiode, kontra Balestrand, og Ingvill sette farten opp. Ho skåra sikkert til 1-0 for heimelaget. Like etter la Ingvill på til 2-0.


Sogndal reduserte til 2-1 mot slutten av omgangen. Like etter pausen vart det utlikning til 2-2, og kampen var heilt open.


Ingvill sette inn sitt og Balestrand sitt tredje mål omlag midtvegs i omgangen. Dette helt ut kampen, og småjentene kunne innkassere din andre siger på rad.


Alle småjentene fortener stor ros for framifrå innsats, og synte at dei har ein stor vilje.



Foto:Geir Harkjerr



Skrive av: Geir Harkjerr (31.05.05 - 23:28)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487212 besøk, sidan 18. juli 2005