Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Raskaste hattricket på Kreklingen?




Foto:Geir Harkjerr

5 min og 26 sekund tok det Lina å setje tre ballar i mål bak keeperen til Lærdal.

Fredag kveld var Lærdal gjestane til jentene våre heime på Kreklingen. Det synte seg å verte ein kamp der Balestrand dominerte stort.


Det byrja imidlertid ikkje så bra. Heile 1. omgang sleit jentene med å få til den siste avslutninga som gav utteljing i målprotokollen.


Balestrand vann sjansestatistikken 12-1, men det stod likevel 0-0 til pause. Lærdal skapte lite, og trenar og publikum byrja så smått å tenkje tiilbake til bortekampen mot Bjørn på onsdag. Det likna faretruande.


15 minutt ut i 2. omgang måtte Lærdal byta keeper grunna skade. Balestrand nytta då høvet til ei rask omrokkering av laget. Tre reine spissar, tre sentrale midtbanespelarar, to ekstremt offensive backer, og duoen Karita og Tonje som anker bakerst vart resultatet.


Minuttet seinare kom den første skåringa. Etter ein flott og rask overgang, sette Lina ballen enkelt i mål. 5 minutt og 26 sekund seinare stod det 3-0, og Lina hadde sikra seg eit ekte hattrick!


9 minutt før slutt sette Sara inn vårt og kampens siste mål. Ein relativt enkel heimesiger, der resultatet kunne vore annleis dersom effektivitet og flaks hadde vore betre.Trenaren vart i alle høve beroliga då det endeleg løsna.


Alle jentene viste stor arbeidsmoral og vilje til å ville vinne kampen. Alle kan vere godt nøgde med eigen innsats. Det må ??g nemnast at Linn debuterte for jentelaget denne kvelden. Bergitte skada seg på trening kvelden før, og då steppa Linn inn på kort varsel. Ho fekk ikkje så mykje å gjere, men ho hadde full kontroll dei ballane som kom.Ein god debut frå Linn!


Allereie no på onsdag er Lærdal på ny motstandar. Denne gongen i Lærdal. Kampen fredag skulle eigentleg vore spela 20.april.



Foto:Geir Harkjerr



Foto:Geir Harkjerr



Skrive av: Geir Harkjerr (30.05.05 - 18:52)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487220 besøk, sidan 18. juli 2005