Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Klubbcup i friidrett på Kreklingen




Foto:Karstein Fardal



Eit første snev av sommar danna bakteppet då det første stemnet i klubbcupen mellom laga Syril, Vik og Balestrand vart avvikla på Kreklingen sist onsdag.



I alt var 131 utøvarar med i dei ulike øvingane ‚Äì av desse 63 frå Balestrand. Det er flott at så mange frå Balestrand IL deltok. Rett nok var det ein del i alderen 7 ‚Äì 9 år som var med . Desse aldersgruppene deltek ikkje i klubbcup-samandraget . Men på heimebane er det viktig at dei får prøve seg på løp og hopp.


Men -  me saknar likevel fleire gutar og jenter i alderen 13 år og oppover. Kanskje det er ein ide at alle dei aktive fotballspelarane i desse årsklassane av og til tek seg eit avbrekk i trening og kampavvikling og får seg litt allsidig erfaring frå friidretten!

 

Friidrettsgruppa vil rette ei takk til alle dei oppsette funksjonærane som stilte opp og gjorde friidrettskvelden til ei flott stund.


Poengutrekninga i første stemnet ser slik ut:

(alle som deltek får 1 poeng pr. øving. Deretter er plasseringspoenga 7 poeng for 1.plass ‚Äì deretter 5,4,3,2,1 poeng)

 

 

deltakarpoeng

plasspoeng

sum

Vik

86

340

426

Balestrand

117

258

375

Syril

110

187

297

 

Neste stemne i klubbcupen vert etter skulestart til hausten.

Minner om friidrettstreninga som er på bana onsdagane. Kanskje fleire fekk inspirasjon til å trene meir og delta også på andre stemne seinare i sesongen.

 

Viser til resultatlista som ligg under menyen aktivitetar - resultat klubbcup, og bilete som vart knipsa under stemnet.



Foto:Karstein Fardal



Foto:Karstein Fardal



Skrive av: Karstein Fardal (29.05.05 - 17:39)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488665 besøk, sidan 18. juli 2005