Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Jentelaget tapte




Foto:Geir Harkjerr

Onsdag kveld kom sesongens første tap. I bortekampen mot Bjørn ville ballen ikkje inn i rett mål.

Kampen starta jamnt, og ingen av laga klarte å få noko initiativ dei første minutta.


Etter 15 minutt kom første store sjansen. Etter eit flott angrep skaut Lina ballen forbi Bjørn sin keeper. Ballen traff stanga. Frå då og ut omgangen var det Balestrand som bestemte det meste som skjedde ute på ei flott grasbane. 


To gonger vart Bjørn redda av eigne spelarar som stod på målstreken og hindra ballen i å gå i mål.


Balestrand viste til tider spel av høg klasse, der trekantspel, veggpasningar og overlappar fungerte bra. Bjørn vart pressa tilbake, og ein periode låg samtlege 11 spelarar til heimelaget på eigen banhalvdel og forsvarte seg.


Våre jenter klarte ikkje det som er noko av det viktigaste i fotball, nemleg å skåre mål. Bjørn forsvarte seg godt, og i tillegg vart jentene frå Balestrand for passive inne i motstandaren sin 16-meter.


Laga gjekk til pause med o-o. I pausen vart ein einige om å fortsette køyret mot Bjørn sitt mål. Etter 7 minutt av 2. omgang lukkast ein endeleg med å setje ballen i mål. Sara slo corner frå høgre. Ballen spratt fram og tilbake inne i feltet, før den slutt hamna ute ca 18 meter. Ann Kristin justerte skotfoten, og sette ballen vakkert i høgre kryss. 1-0.


Bjørn gjekk rett frå avspark og utlikna. Etter utlikninga jamna spelet seg meir ut. Bjørn slo mange ballar i det berømte bakromet, og dei fekk ein del sjansar som følge av det. 


13 minutt før slutt gjekk Bjørn opp i leiinga 2-1 etter ein fin overgang.


Balestrand la mot slutten om og sette fleir fram i angrep utan at vi klarte å skape dei store sjansane.


4 minutt før slutt var det kast til Balestrand midt på eigen banehalvdel. Marte gjekk ut på sidelinja for å finne ballen og resten av laget gjekk framover for å finne posisjonar til starte eit nytt angrep. Dommaren viste ikkje kva lag som skulle ha innkastet. Bjørn fann ballen og kasta inn til ein spiss som stod aleine 10 meter bak Karita og Tonje. Spissen sette fart mot mål og sette ballen forbi Bergitte. Ingen av våre spelarar skjøna heilt kva som skjedde. Protestar nytta ikkje, og domaren godkjende målet.


Bjørn skåra to mål til i kampens to siste minutt. Då hadde Balestrand nesten gjeve opp.


Alt i alt ein god kamp spelemessig av Balestrand, der lagdelane fungerte godt. Alle jentene spelte til meget bra +, men når ein ikkje skårar mål, vinn ein ikkje fotballkampar.


No er det berre å krumme nakken til neste kamp, som er allereie fredag 27. mai. Då kjem Lærdal på besøk heime på Kreklingen. Ein håpar på at mange kjem og støtter laget då! 



Skrive av: Geir Harkjerr (26.05.05 - 12:49)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487364 besøk, sidan 18. juli 2005