Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Seniorlaget med nytt tap




Foto:

Tysdag kveld tapte Balestrand for andre gong mot Gaular denne sesongen.

Balestrand fekk ein bra start på kampen utan at det vart dei heilt store sjansane. Etter 18 minutt spel burde ?òyvind ha skåra etter ein god corner frå Halvard.


Frå då og utover var det stort sett Gaular som styrte kampen. Gode kombinasjonar og raske overgangar gjorde at Balestrand sine spelarar i lange periodar vart springande i mellom. Ein kan vel ??g seie at våre menn til tider vart nesten rundspelt.


21 minutt ut i omgangen sette Gaular inn sitt første mål. Etter eit innkast rundt midten klarte ikkje Eirik å vinna tilbake ballen. Det vart eit gjennombrot, og ballen låg i nettet.


Det tok heile 37 minutt før Balestrand fekk ein ny kvalifisert målsjanse. Nok ein gong var det ?òyvind som fekk avslutta etter eit langt innkast frå Halvard.


Etter 43 minutt vart det 0-2. Kenneth laga eit soleklart straffespark. Straffesparket var ikkje særleg bra, og Kjell Rune redda nesten.


Like etter pause vart Eirik skada etter ein duell med ein Gaularspelar. I kaoset etter duellen vart angrepet til Gaular avslutta med eit skot frå cirka 16 meter. Ballen gjekk i mål, og det stod 0-3. Det var då spelt 55 minutt av kampen.


Mot slutten fortsette Gaular å dominera, og 0-4 vart sett inn. I tillegg fekk Gaular fleire gode sjansar. Takka vere godt keeperspel og dårlege avsluttarar vart det ikkje fleire mål.


Det satte sitt preg på kampen at Balestrand har eit ungt lag. Det var merkbart at rutinerte spelarar manglar. Det er mange fine typar, men fleire slit med å få ut potensialet sitt. Samtlege var langt under det nivået som ein bør kunne forvente. Eirik, Kjell Rune og til dels Kenneth og ?òystein kom brukbart frå det.


Fleire av tilskodarane gav uttrykk for at det var lenge sidane dei hadde sett eit så svakt Balestrandslag. Det er viktig at spelarane no går i seg sjølve og finn ut kva dei verkeleg vil. Litt meir speleglede, entusiasme og innsats, så kan det gå berre ein veg.
Underteikna har tru på at laget vil heva seg til neste kamp. Ser ein framover, er det ikkje tvil om at fleire av unggutane kan vere med på skape eit bra lag i Balestrand.


Stå på karar!!!



Skrive av: Geir Harkjerr (24.05.05 - 23:53)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487460 besøk, sidan 18. juli 2005