Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Smågutane spelte uavgjort mot Vik




Foto:

 

Balestrand sitt smågutelag klarte uavgjort mot Vik på Kreklingen stadion i ein underhaldande kamp måndag 23. mai.


Laget frå Vik hadde ikkje avgitt poeng før møtet med Balestrand.

 

 

Balestrand hadde ein verst tenkeleg start på kampen ettersom Vik sitt første mål kom allereie etter 29 sekundar av første omgang etter ei misforståing i forsvaret. Synd for eit Balestrand forsvar som anført av ein svært god Gustav Nesse gjorde ein god kamp.

 

 

Gutane gav ikkje opp og berre nokre få minuttar seinare kom utlikninga. Vik gjekk imidlertid opp i 2-1. Nok ein gong kom Balestrand laget  tilbake og utlikna, slik at laga kunne gå til pause på stillinga 2-2.

 

 

Det var eit aggressivt Vik lag som kom på bana etter pausen. Det første kvarteret av 2. omgong vann dei dei fleste duellane og kom til fleire avslutningar. Balestrand kom imidlertid gradvis meir inn i kampen og begynte å ta over.

 

 

Vikjene gjekk imidlertid opp til 3-2 på eit flott langskot. Igjen viste Balestrand god moral og innsats og gav ikkje opp. I ein god sluttspurt utlikna dei til 3-3 på corner, berre 6 minutt før slutt. I sluttminuttet hadde gutane ein stor sjanse til å avgjere kampen, men ei god redning frå Vik sin keeper førte til at kampen enda uavgjort. Eit heilt greitt resultat etter spel og sjansar.

 

 

Laget skal ha ros for at dei aldri gav opp kampen etter å ha lege under tre gongar. Sjølv om laget ikkje spelte like bra heile tida, spelte dei tidvis bra fotball. For trenaren er det godt å sjå at trening gjev resultat. Stammen i laget er spelarar fødd i 1991.

 

 

Det er ikkje mange åra sidan desse spelarane tapte med om lag 20 mål i dei første kampane dei spela. I fjor tapte dei alle kampane dei spela i 7 - ar fotball med unnatak av ein. Sjølv om nokre av gutane har slutta, har  dei fleste halde fram, og det er  mange som no viser stor framgang i sin første sesong med 11- ar fotball.



Foto:



Skrive av: Alf M. Høyrem (24.05.05 - 23:41)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487418 besøk, sidan 18. juli 2005