Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Balestrand vertslag for jentelag frå Mali




Foto:Geir Harkjerr

I samband med Norway Cup 2005, har jentelaget fått tilbod om å vere vertslag for eit jente 16 år lag frå Mali.


For nokre veker sidan fekk vi førespurnad frå Noregs Idrettsforbund (NIF), om vi ville vere vertslag i samband med Norway Cup. Vi takka sjølvsagt ja til det.


Fem lag frå Noreg er plukka ut til vere vertslag for lag frå Afrika, og våre jenter er av dei heldige.


Det var difor ein spent gjeng av spelarar og leiarar som tok imot Kariann Vikene frå NIF no laurdag. Eit seks timars kurs vart halde, og vi fekk mykje nyttig og god informasjon.


Seks timar verkar i utganspunktet lenge, men kurset var lagt opp på ein flott måte. I staden for vanlege pausar, nytta vi noko som kallast icebreaker. Det gjekk ut på at vi hadde ulike leikar og rytmeseansar. Særs godt motteke av jentene.


Halvvegs fekk vi servert pizza frå Kvikne Hotell, og den fall ??g i smak.


Laget vi skal vere vertslag for, kjem frå det vestafrikanske landet Mali. Dei kjem til Balestrand søndag 24. juli, og dei skal vere her heile veka før Norway Cup.


Vi veit ikkje så mykje om laget endå, anna en at dei kjem frå eit av verdas fattigaste land. Dei har nett byrja å spele fotball, og dei snakkar berre fransk!


Under opphaldet i Balestrand skal vi prøve å gje dei afrikanske jentene eit inntrykk av korleis vi lever her i Noreg. Programmet er førebels ikkje heilt klart, men det vil nok verte ei stor oppleving både for afrikanske og norske jenter.


Fredag 29. juli reiser laga saman i felles buss til Oslo og Norway Cup.


I tillegg til å vere vertslag, skal jentene vere ambassadørar. Det vil seie at vi under Norway Cup skal utføre ulike oppgåver på vegne av NIF. Til dømes skal vi dele ut raude solidaritetssløyfer i samband med "Kicking Aids Out".


Det vil koma meir informasjon seinare!


Vi nyttar ??g høvet til å takke Karianne for eit framifrå kurs! Vi gler oss alle til å vere med på dette!



Foto:Geir Harkjerr



Foto:Geir Harkjerr



Skrive av: Geir Harkjerr (22.05.05 - 21:40)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487188 besøk, sidan 18. juli 2005