Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Lillegut 94 tapte mot Hyllestad




Foto:harald offerdal


I ein spanande kamp tapte 94-laget til slutt 4-3 mot Hyllestad. Dette etter å ha leia både 1-0 og 3-2.


Laget varierer mykje i prestasjonane ‚Äì frå glitrande angrepspell til ‚Äùstå og sjå på fotball‚Äù.

Dessverre blei både publikum og enkeltspelarar overivrige i ein hektisk siste halvdel av andre omgang. Stygge etterslengar, kjefting på medspelarar og fordeling av skuld etter kampen er uakseptabelt. Urovekkjande merknader frå dommaren bekreftar at ikkje alt var som det burde vera.

Me har tydlegvis ein lang veg å gå med haldningsskapande arbeid både blant spelarane og dei på sidelinja.

Av og til lurer me som gjer denne typen frivillig arbeid for ungane om det er verdt slitet. Ikkje minst når ein ser at det haldningsskapande arbeidet som ein har jobba møysomleg med gjennom ein heil vinter blir brote ned i løpet av nokre hektiske minuttar ‚Äì og verst av alt med god hjelp frå sidelinja. Ungane berre let seg riva med, men eg tvilar på at nokon frå sidelinja tek dette hjartesukket til seg.

Idrettslaget har vedteke eit reglement for barnefotball som antakeleg ikkje er verdt meir enn det papiret det er skrive på.



Skrive av: Harald Offerdal (12.05.05 - 22:42)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487195 besøk, sidan 18. juli 2005