Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Pantekassa ein suksess




Foto:Geir Harkjerr

Våren 2004 sette jentelaget opp ei pantekasse på Coop. Den første sesongen vart det lagt pantelappar på til saman kr 5342 i kassa.


I samband med at jentene skulle vere med på Norway Cup sist sommar, snakka oppmann Knut Steinar med Coop med tanke på å få setje opp ei kasse som ein kunne legge pantalappar i. Coop var svært positive, og Knut Steinar fekk Kjell Odvin Eide til å lage ei flott kasse.



Dette har vist seg å vere ei kreativ og god inntektskjelde for jentelaget. 5342 kroner vart resultatet.


Alt frå pantelappar med 1 kroner og oppover har vore velkomne. Den høgste pantelappen lydde på 164 kroner. Ein nyttar høvet til å takke alle som har bidrege.


Det har allereie kome inn over 1000 nye kroner i kassa, og ein håpar at Balestrendingane held fram med å putte pantelappar i kassa. Det er sjølvsagt heilt frivillig, og vi er takksame for alle bidrag.



Inntektene skal i år ??g nyttast til Norway Cup, som vert arrangert i Oslo i tidsromet 31. juli til 6. august.



Skrive av: Geir Harkjerr (08.05.05 - 22:02)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488667 besøk, sidan 18. juli 2005