Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


A-laget tapte mot Gaular




Foto:

A-laget fekk ein dårleg start på sesongen. Det vart tap 0-2 i seriepremiera heime på Kreklingen mot Gaular.

Kampen starta ikkje spesielt bra for nokon av laga. Mykje fram og tilbake, og ikkje noko særleg bra spel prega dei første ti minutta.


Gaular spelte seg etter kvart til to avslutningar som begge vart sleivsparka inn til Balestrand sin keeper.


Etter 21 minutt mista ?òystein ballen på eigen banehalvdel, og dette medførte at Gaular fekk ein ny sjanse. Innlegget kom frå kanten og inn til ein umarkert Gularspiss som sette ballen utanfor mål.


28 minutt ut i omgangen snurra ein av angriperane til Gaular rundt med ?òystein og Thomas på høgresida. Det heile vart avslutta med stolpeskot som spratt vidare i hendene på keeper, Kjell Rune.


Etter 41 minutt kom det eit svakt utspel frå Kjell Rune som skapte ein stor sjanse for Gaular. Ein av spissane kom aleine mot mål, men avslutta med å setje ballen utanfor mål.


I siste speleminutt kom nok ein stor sjanse for Gaular. Eit skot frå cirka 16 meter gjekk like utanfor, og den hadde truleg keeper ikkje teke dersom skotet hadde truffe mål.


Balestrand skapte lite, men var farlege på dødballar. Allereie etter 6 minutt kunne Arnstein hadde skåra, men han nådde ikkje opp på eit nesten perfekt slått frispark frå ?òyvind.


Laga gjekk til pause med 0-0.


Frå starten av 2. omgang kom Eirik inn for Abduljebar, og Senad kom inn for ?òystein.


Like etter at kampens gode dommar, Karl Inge Wolff, hadde blese i gang 2. omgang, storma Sygnarussen Kreklingen Stadion. Då dei ikkje lukkast med å ta ballen, tok dei like godt med seg det eine målet...


Målet kom på plass att, og kampen kunne fortsetja. 10 minutt ut omgangen vart det 0-1. Etter ein innkast på venstresida, klarte ikkje forsvaret til Balestrand å avklara skikkeleg, og ein frå Gaular fekk stå aleine på 10 meter. Ballen gjekk inn nede til venstre for keeper.


Balestrand la om frå 4-3-3 til 4-2-2, og dette synte seg å vere eit bra trekk. Dei fekk meir kontroll på spelet, og Eirik fekk stabilisert mitbana på ein mykje betre måte en kva som var tilfellet i 1. omgang.


Etter 13 minutt var det berre ei lang Gaulartå på streken som hindra skåring. 2 minutt seinare var Hallvard aleine igjennom, men han skaut rett i armane på keeper.


Omgangen fortsette med mykje spel fram og tilbake, og ingen av laga greidde å riva til seg eit initiativ.


Etter 28 minutt hadde Arnstein ein bra sjanse aleine mot ein utrusande keeper. Lobben vart litt for hard, og Arnstein klarte ikkje å nå igjen ballen før den gjekk ut over dødlinja.


38 minutt av 2. omgang viste klokka då Gaular la på til 2-0. Eit dårleg utspel kombinert med usikker stopparduo gjorde at spelaren frå Gaular enkelt kunne sette ballen forbi Kjell Rune.


Med litt meir dyktigheit og flaks, kunne Balestranf ??g ha fått skåringar. Sett kampen under eit, er det likevel greit at Gaular vann.




Evaluering av spelarane (karakter 0-10):

Kjell Rune:
Alt for mange dårlege utspel som skapte sjansar i mål. Eit av dei var årsak til 0-2 målet. Får ein del enkle skudd på seg som han held greit. Saknar litt meir konstruktiv dirigering av forsvaret. Karakter 4


Thomas:
Gjer ein ok jobb. Misser i ein del duellar mot slutten. Ligg feilplassert enkelte gonger som gjer at Gaular får ta mot ballen upressa. Stort sett bra inne i feltet. Karakter 6 


Hans Olav:
Kjem brukbart frå dei fleste duellane. Heng litt igjen når laget er angrep, noko som gjev strekk i laget. Verkar dårlegare trent en i fjor, og gjer nokre slurvefeil mot slutten. Kunne med betre kommunkasjon kanskje hadde hindra 0-2 målet. Karakter 6


Theodor:
Gjer mykje rart ute på høgrebacken, og sender til tider pasningar i alle retningar. Gjer fleire markeringsfeil, men kompenserar med stor fart og god innsatsvilje. Karakter 4


?òystein:
Har ein god pasningsfot. Vert for sein i mange situasjonar, og rotar vekk ballen unødig to gonger. Stor innsats og gjev ikkje opp. Karakter 5


Abduljebar:

Anonym i 1. omgang. Vart lite brukt. Har stor fart, men må ha meir presise ballar å jobbe med. Bytt ut ved pause, og kom inn att mot slutten. Karakter 3


?òyvind:
Slår gode frispark. Er kaptein, men kan godt vere litt meir synleg. Vinn mange duellar, men kan vinne fleire. Vert springande mykje i mellom i 1. omgang på ei ruskete midtbane. Jobbar bra og spring mykje. Balestrands beste i kveld. Karakter 7


Tor Inge:
Ein heller svak 1. omgang. Vert springande imellom, og taper dei fleste duellane. Hevar seg fleire hakk etter pause, då som flanke. Bytta ut like før slutt. Karakter 5


Arve:

Ein ok start. Ein terrier på mitbana, men avstandane til dei andre vert for stor. Gjer ein del smarte val. Får korrekt gult kort 20 minutt ut i omgangen. Bytt ut kvarteret før slutt. Karakter 4


Hallvard:
God teknikk, men kan med fordel slå ballen litt oftare. Gjer nokre gode vendingar og løp med ball. Flott crosspasning i midtvegs i 2. omgang. Har to farlege støttepasningar som nesten vert snappa opp av Gaularspelarar. Kjem brukbart frå det. Jobbar bra og har teknikk og fart som styrken. Karakter 6


Arnstein:
Burde ha skåra 28 minutt ut i 2. omgang. Hadde nokre sjansar til som ??g kunne ha gjeve resultat med litt meir dyktigheit og litt flaks. Er sterk i kroppen, og god til å halde på ballen med motstandar i ryggen. Kunne med fordel ha vore nytta meir som oppspelspunkt. Jobbar bra og spring mykje. Karakter 6


Senad:
Kom inn for ?òystein etter pause. Hadde ei avslutning mot mål. Plasserer seg til tider feil i forhold til motstander. Dette gjev rom. Misser fleire taklingar, og må springe den lange vegen etter. Har sett Senad mykje betre før. Karakter 3


Eirik:
Kjem inn etter pause. Sørger for meir stabilitet på midtbana. Finne roen og slår stort sett gode pasningar. Verkar litt rusten, truleg på grunn av manglande trening. Er likevel med på gje laget eit løft etter at han kjem inn. Ein naturleg sjef på midten. Karakter 6


Kim:
Kom inn for Tor Inge og spelte dei ni siste minutta utan å markera seg. For kort speletid for karakter.


 



Foto:



Foto:



Skrive av: Geir Harkjerr (03.05.05 - 22:23)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487363 besøk, sidan 18. juli 2005