Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Jentelaget opna med siger borte mot Sogndal




Foto:Geir Harkjerr

Måndag kveld starta jentene sesongen borte mot Sogndal. Ein sterk 2-0 siger vart resultatet.

Etter utsetjing av den første seriekampen, var det måndag kveld klart for serieopning i Sognahallen mot Sogndal.


På førehand er Sogndal rekna som ein favorittane til opprykk, og det viste dei allereie få start. Byrjinga av første omgang vart tøff for våre jenter.


Sogndal var eit ballsikkert lag, og dei spelte til tider fin fotball. Likevel skapte dei svært lite framfor mål.


Etter kvart kjempa Balestrandsjentene seg meir og meir inn i kampen, og 23 minutt ut i omgangen slo Ingunn eit nydeleg framspel til Lina. Lina sette fart, kom aleine mot keeper, og sette ballen enkelt i mål.


Balestrand tok meir og meir over spelet, og hadde fleire fine kombinasjonar der Kamilla og Lina viste kantspel av høg klasse. Det svikta i avslutningane, og laga gjekk til pause med 1-0 leiing til Balestrand.


I andre omgang fortsette Balestrand der dei slapp før pause. Laget var svært godt organisert bakover og Karita var som vanleg sjefen i midtforsvaret. Saman med Tonje gjorde ho ein glimrende kamp. Karita takla og Tonje tok seg av andreballane.


Marte på høgreback, og Sandra på venstreback viste ??g eit høgt nivå. Aldri har desse to takla så tøft og vunne så mange duellar langs bakken og i lufta som måndag kveld. I tillegg var pasningane av høg kvalitet.


Ragnhild kom inn på venstre back i andre omgang og helt fram på same måten. Like før slutt sette Ragnhild inn ei avgjerande sklitakling inne i eige straffefelt og fekk ballen ut til corner.


14 minutt ut i andre omgang stod Balestrand høgt med laget, og Sogndal hadde problem med å kome seg ut. Tonje var oppe på midten og braut ei pasning. Ho slo ei perfekt ball gjennom til Sara. Sara kom aleine mot keeper, og plasserte ballen vakkert i mål.


Etter 2-0 målet vart det mykje kriging på midten. Ann Kristin viste seg som verdig kaptein i denne perioden. Ho dirigerte sine tropper og takla så det til tider lukta svidd.


Heidi spelte sin beste kamp. Ho vann mange hovudduellar, og kjempa veldig bra. I tillegg hadde ho ??g roen til slå fine pasningar.


På topp herja Ingunn og Sara. Ingunn hadde i tillegg eit deffensivt ansvar, og ho fekk god bruk for fysikken sin mot gode spelarar frå Sogndal.


Sara vart litt lett mot eit robust forsvar. Ho løyste det med å ta ein del lure løp for å lage rom for dei andre.


Ingvill kom inn mot slutten av kampen, og fekk som oppgåve å ligge heilt på topp. Ho flytta seg i alle retningar, og forsvaret til Sogndal fekk noko nytt og forhalde seg til.


Sogndal hadde fleire sjansar mot slutten av kampen. Mellom anna small ballen i tverrleggaren. Dei sette mange fram i angrep, men Bergitte hadde bestemt seg for å stenge buret. Ho hadde fleire flotte utrusningar der ho las spelet godt. Kombinert med godt forsvarspel og dårlege avslutningar frå Sogndal, klarte ikkje heimelaget å lage mål.


Jentene frå Balestrand viste at dei har gjort eit godt arbeid i vinter. Tidlegare har dei vore gode på å øydelegge spelet til motstandarane gjennom å kjempe dei ut av stilen. I år viser dei i tillegg til dette at dei ??g er blitt eit mykje meir spelande lag.


I tillegg har kondisjonstreninga med Knut Steinar vist seg å vere viktig. I heile vinter har jentene sprunge rundt i gatene i Holmen, og dette fekk dei betaling for måndag kveld.


No er det berre å glede seg til fortsetjinga.



Foto:Geir Harkjerr



Skrive av: Geir Harkjerr (03.05.05 - 09:18)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487367 besøk, sidan 18. juli 2005