Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Gutar 91/92 banka Sogndal på kreklingen 10-0




Foto:K.Nesse

BIL sine gutar gav Sogndal ein solid porsjon juling på Kreklingen mandag kveld.

Når dommaraen hadde fullført det møysommelige arbeidet med å leggje i hop streka på blokka si, var han kommen til heile 10 mål til Balestrand, men på Sogndal si side stod det 0.

Balestrand opna knallhardt, og leda 3-0 allereie etter 16 min i første omgang. Dei storspela i periodar, og kunne godt ha leda med meir enn 7 mål då laga gjekk til pause.

Trenar Alf Høyrem var godt nøgd med stillinga då me tok ein prat med han i pausen.
Han gjorde ingen store endringar i pausen, men allikevel var det eit litt slappare lag som kom på bana i andre omgang.
Balestrand blei pressa meir bak på bana, og klarde heller ikkje å produsere det store framover.
Det første målet kom etter 16 min i andre omgang.
Så vakna BIL til liv igjen, og scora 2 mål til, slik at resultatet blei heile 10-0.

Det var eit friskt Balestrand me såg i aksjon, der Gustav Nesse hadde full kontroll i forsvaret, og blant anna Kristoffer Lønning og Eirik Skåsheim også viste
friske takter framover. I det store og heile viste alle på laget  at dei "vil" noko, og me gledar oss til å fylgje laget vidare framover våren. 

Den einaste trøysten for Sogndal måtte vera at keeperen fekk god trening framfor eplehausten i indre-sogn, etter å ha plukka heile 10 ballar ut av nota. Dei verka tafatte, og hadde lite å komma med i begge endar av bana.
Me skal gjerne hugse på at Sogndal har 4 lag i denne årsklassen, så dei har gjerne noko på lur.

 

 

 



Foto:K.Nesse



Foto:



Skrive av: Kjetil Nesse (02.05.05 - 20:57)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487853 besøk, sidan 18. juli 2005