Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Stor aktivitet i BIL-BUI




Foto:jarle geithus

Stor suksess under opninga av BIL-BUI i helga.


Den nye overtrekksdressen til BIL vart presentert i helga.  Over 170 dressar og gensarar er alt selde i helga, og me startar å levere ut dressane alt på onsdag om alt går etter planen.
Grunna den store etterspurnaden, må ein rekne ca 1-2 veker leveringstid på dressar som vert bestilte no i ettertid.
Laget vil ellers ha eit lite lager av dressane, når me no får levert til alle som har bestilt. 

I det nydelege været på Balahaugen 1. mai, kunne ein og kjøpe nikkersar, leggskinn, fotballsko og joggesko.
Salget gjekk strykande, og mange nytta høvet til å kjøpe nye sko før sesongstart.
Idrettslaget vil ha eit lager av overtrekksdressar og gensarar/bukser, slik at ein kan tinge dette her på heimesida, eller ved å ta direkte kontakt med Kjetil Nesse på Tlf: 41 21 40 40.

Me vil også tilby 2 ulike typar joggesko og to ulike typar fotballsko.
I tillegg vil me tilby fotballsokkar og leggbeskyttarar.
Dette kan du også tinge her på heimesida. (bilde og opplegg for bestilling kjem snarast råd.)
Me vil fornye utvalget, slik at me f.eks kan tilby innesko ol. når hausten kjem.



Grunna leveringstida er det lurt å bestille overtrekksdressen i dag!!!

Me i BIL-BUI fekk mange positive tilbakemeldingar om at dette var eit godt tiltak, og kanskje blir dette ein tradisjon på 1.mai.

Me gjer merksam på at tilbodet kun gjeld medlemmane, slik at dersom ein har tinga dress utan å være medlem, vil ein automatisk få medlemsskap i idrettslaget, og påfylgjande giro for innbetaling av denne.

Me takkar for alle bestillingane, og hugs at dressane vil gi laget eit flott ansikt utad, når me skal delta i arrangement både i og utanfor bygda!

 

 

 

 



Foto:jarle geithus



Foto:jarle geithus



Skrive av: Kjetil Nesse (01.05.05 - 20:53)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487138 besøk, sidan 18. juli 2005