Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Tøff start for lillejentene




Foto:Eirik Thue

Lillejentene fekk ein tøff start på sesongen. Laget tapte 10- 1 borte mot Vik torsdag.

 


Vik stilte med spelarar som alle var i den eldste
årsklassen. Dei var store og ikkje minst effektive framfor
mål. Våre fintspelande jenter kom ikkje heilt til sin rett
på ei humpete grasbane. Men innsatsen var på topp, og med
litt flaks kunne me har scora fleire mål.


Hadar hadde ein susar i tverrliggjaren, medan Brita skaut i stolpen. Martina scora laget sitt første seriemål etter ein fin kombinasjon med Mari.


Dette var den første seriekampen og sjuarkamp for dei fleste av jentene. Ingen hang med hovudet etter kampen, og når me kom ned til kiosken var tapet ute av hovudet for godt. Neste kamp er heime mot Høyang 9. mai.



BILDE: 
Bak frå venstre:
Margrete, Karina, Mari, Martina,
Hadar. 
Framme frå venstre: Brita, Maya, Torunn og Oline.
Liggjande keeper: Berit



Skrive av: Eirik Thue (29.04.05 - 14:10)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487391 besøk, sidan 18. juli 2005