Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


BIL-BUI




Foto:jarle geithus

Balestrand IL har teikna ein 4-års avtale med Umbro.

Balestrand IL har teikna ein 4-års avtale med Umbro. Denne avtalen gjer at medlemmane i laget får 30% rabatt på alt utstyr av merket Umbro, som ein kjøper via idrettslaget..
Me i idrettslaget vil derfor no tilby utvalde produkt, og no innan fotballsesongen startar, gjeld dette spesielt fotballsko, sokkar og leggskinn.

Dette er eit unikt tilbud for oss i Balestrand som må reise til Høyanger eller Sogndal for å handle utstyr.
BIL har derfor starta BIL-BUI; bygdefolket sin eigen sportsbutikk.

Det som også er nytt er at BIL no kan tilby medlemmane overtrekksdressar til svært rimelege prisar (sjå under)
Butikkprisen ligg på 700,- og 900,- men me sel no dressane for 400,- og 600,-.
Dette er takka være sponsorane våre Sognekraft, Fjord1, Nesseplast, Praxis og Friendtex. Dressane vil få reklametrykk frå sponsorane.

Du kan tinga varer ved å bruka e-posten på nettsida til Balestrand-il.no eller ta kontakt med Kjetil Nesse på 41 21 40 40.


                                          Born                Vaksne

Overtrekksdress Umbro X-line:       400,-                600,-
Treningsgensar X-line:                   200,-                250,-
Joggebukse X-line:                         200,-                250,-
Nikkers: 250,- og leggskinn: 120,-
Fotballsko:   220 ‚Äì 1000,-
Joggesko: 300 – 900

OBS – OBS - OBS

Det vil verte sal av overtrekksdressar, fotballsko, joggesko og anna utstyr i Holmen laurdag den 30 april, samt på Balahaugen under Esefjorden rundt 1 mai. 

 



Foto:jarle geithus



Foto:jarle geithus



Skrive av: Eirik Thue (26.04.05 - 21:51)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487196 besøk, sidan 18. juli 2005