Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Småjentene tapte seriepremiera




Foto:Geir Harkjerr

Det vart ein tøff seriestart for småjentene då Vik 2 var motstandar på Kreklingen tysdag kveld.


Vik sette i gang med ei høgt tempo heilt frå start. Jentene frå Vik var flinke til å slå pasningar mellom kvarandre, og dei utnytta roma bak forsvaret til Balestrand svært så effektivt. Etter 12 minutt stod det 3-0 til Vik.


Det tok 15 minutt av første omgang før Balestrand fekk si første avslutning mot mål ved Amanda.


4 minutt seinare fyrte Emilie av eit godt skot, men keeperen til Vik redda. Like etter gjekk Vik opp til 4-0.


Etter 23 minutt fekk Ingvill ei flott gjennombrotspasning. Ingvill sprang frå forsvaret til Vik, og sette ballen sikkert i mål.


Like før pause gjekk Vik opp til 5-1. Kampens gode dommar, Bergitte Nyheim, bles eit korrekt frispark på hjørne av straffefeltet. Balestrand gløymde å sette opp muren, og det vart difor enkelt for skyttaren frå Vik å plassere ballen i målet.


Etter pause var det framleis Vik som dominerte spelet, og 15 minutt ut i omgangen gjekk dei opp til 6-1.


Etter 19 minutt kjempa Hanna seg gjennom forsvaret til Vik og reduserte til 2-6.


Dei siste ti minutta skåra Vik 5 gonger til, og kampen enda med bortesiger 2-11.


Trass i mange baklengs, er det rett å trekke fram keeper, Beate. Ho hadde fleire flotte redningar. Elles kjempa alle Balestrandsjentene bra, men vart nummeret for små denne gongen mot eit godt lag frå Vik.


Balestrand stilte med fylgjande småjenter denne kampen:
Frøydis Steine, Amanda Sundby, Hanna Lee, Beate Torsvik, Nora Jano, Ingvill Handegård Eikelund, Vida Myrhol, Emilie Nyborg-Christensen, Ragnhild Kråvik og Linn Tennefoss Vefring.



Foto:Geir Harkjerr



Foto:Geir Harkjerr



Skrive av: Geir Harkjerr (26.04.05 - 20:05)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488675 besøk, sidan 18. juli 2005