Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Smågutane spelte uavgjort i generalprøva




Foto:jarle geithus

Måndag var smågutelaget til Vik på besøk og spelte treningskamp.


Balestrand kom ikkje skikkeleg i gang frå start. Vik hadde ballen mykje, og smågutane frå Balestrand vart springande ein del mellom ballsikre vikjer.


Allereie etter 6 minutt spel gjekk Vik opp til 1-0, og 8 minutt seinare vart det 2-0 til bortelaget.


Første omgang var prega av at Vik fekk lov til stå og slå ballen til kvarandre. Balestrand fann ikkje heilt ut av dette før mot slutten av omgangen. Då vart Balestrand sine spelarar litt tøffare, og dei klarte å legge eit visst trykk mot målet til Vik.


Laga gjekk til pause med leiing 2-0 til Vik.


Andre omgang starta litt likt den første, men det gjekk ikkje lang tid før Balestrand var på høgde med Vik.


Det bølga litt fram og tilbake heile omgangen. Mot slutten av kampen produserte Balestrand fleire gode sjansar. 10 minutt før slutt reduserte Eirik, og berre 3 minutt før slutt sette Marius inn kampens siste mål.


Det heile enda 2-2, og begge laga viste at dei har trena godt i vinter.



Foto:jarle geithus



Skrive av: Geir Harkjerr (26.04.05 - 19:49)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488640 besøk, sidan 18. juli 2005