Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Køllesus i Belehalli




Foto:

Onsdag 13. april fekk fleire klassar på Sagatun skule kvar sin intensive time med instruksjon og kamp i innebandy.

Dei fleste elevane på Sagatun skule kjenner til innebandy frå gymtimar og den årvisse påsketurneringa. Onsdag 13. april var det derimot "skikkeleg" innebandy som sto på timeplanen.

Roy Olav Hordvik, Norges Bandyforbund sin utviklingskonsulent for innebandy i Sogn og Fjordane, vitja Sagatun skule med topp utstyr og gode råd. Innebandy er ein idrett i sterk vekst, og forbundet ynskjer å marknadsføre seg for å inspirere enno fleire idrettslag til å starte bandylag.

Fleire klassar på Sagatun hadde meldt si interesse for å få utviklingskonsulenten på besøk. Kvar klasse fekk intensiv instruksjon i ein klokketime. Dei lærte å halde køllene rett, sende pasningar, finte, skyte m.m.

I gymtimane spelar elevane bandy på små mål, utan keeper. Denne dagen var det seks på kvart lag og stor bane, d.v.s. heile hallen. Måla var og større og det var fast keeper - utan kølle.

?Ö spele keeper var nok ekstra spanande, for dei fekk fullt utstyr, med hjelm og godt polstra bukse. 

Innsatsen var upåklageleg, og Roy Olav Hordvik hadde mange tips å kome med på den korte treningsøkta

Elevane tykte dette var eit artig og spanande avbrekk frå dei vanlege gymtimane. Fleire hadde lyst å halde fram med dette fascinerande og kjappe lagspelet, så ein får håpe at det om ikkje altfor lenge kan startast ein bandygruppe i BIL.



Foto:Rune Haugen



Foto:



Skrive av: Rune Haugen (16.04.05 - 00:44)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488734 besøk, sidan 18. juli 2005