Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Jentelaget tapte mot damelag




Foto:Geir Harkjerr

I flomlyset torsdag kveld var damelaget til Høyang på besøk, og spelte treningskamp mot jentelaget.


Det viste seg raskt at jentene hadde invitert ein svært god motstandar til generalprøva før seriestarten neste onsdag.


Høyang kom med eit ungt damelag, men hadde mellom anna med seg ein solid 27-åring som styrte heile midtbana. Alle spelarane var eldre en Balestrandsjentene.

Ein kan ??g ta med at same laget tidlegare i år vann 4-2 mot Sogn og Fjordane sitt jente 89 kretslag.


Jentene til Balestrand klarte seg bra. Høyang Dame gjekk relativt tidleg opp i 3-0 leiing. Første og tredje målet kom etter dårleg markering i feltet etter innlegg, og Høyangspelarane kunne headde uhindra i mål. Det andre målet kom etter langskudd.


I andre omgang verka det som om jentene fekk ein ny giv. Delar av omgangen spelte dei veldig bra, og hadde fleire fine kombinasjonar. Ballen rulla bra i lagdelane, og jentene "trøkte til" litt meir i taklingane. Jentene skjøna at dei faktisk ikkje var så mykje dårlegare enn kva dei sjølve trudde på førehand. Balestrand var absolutt med på å gjere kampen sjåverdig for publikum.


Nok ein gong viste keeper, Bergitte Nyheim, fram fleire redningar av ypparste kvalitet. Ingen tvil om at plassen på kretslaget er fortent.


Midt i den gode Balestrandsperioda kom Høyang sitt 4-0 mål.

Jentene fekk merke at dei møtte spelarar som var mykje meir fysisk sterke, enn kva dei er vande med frå før. Det var mange tøffe duellar, og det er lenge sidan jentelaget har spelt ein kamp med så mange frispark.


Det er viktig å ha gode dommarar ??g på jentesida, og det hadde ein i kveld med Kjell Rune Nyheim, som leia kampen med god og konsekvent dømming.


Ein kjempeflott gjennomkøyring for jentene, no berre ei knapp veke før alvoret tek til. 0-4 mot dette laget, er absolutt godkjend. Alle spelarane fortener stor applaus for ein framifrå innsats.



Foto:Geir Harkjerr



Foto:Geir Harkjerr



Skrive av: Geir Harkjerr (15.04.05 - 00:18)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4488673 besøk, sidan 18. juli 2005