Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Treningskamp A-laget




Foto:Geir Harkjerr

Onsdag kveld tok Balestrand imot 4. divisjonslaget Syril til treningskamp på Kreklingen

Balestrand gjekk opp til 1-0 omlag før publikum hadde funne plassane sine. Mohammed sette ballen i mål.

Like etter utlikna Syril til 1-1. Målet kom etter corner og markeringssvikt.

Etter eit kvarter tok Syril 1-2 leiinga på eit korrekt idømt straffespark.

Etter 25 minutt utlika Balestrand til 2-2. Eit langt innkast frå Hallvard på høgde med Syril sin sekstenmeter, vart slegen i mål i keeper.


Elles hadde Syril eit frispark som small i stanga.


Arnstein burde ha gjeve Balestrand leiing etter cirka ein halvtime. Med to Syrilspelarar i ryggen, er det berre å lobba ballen over ein utrsusande keeper. Arnstein lobbar diverre ballen rett opp i hendene til keeper.



Eit flott raid av Magne litt seinare vert avslutta med skot mot lengste stolpe. Arnstein er litt for sein til å nå ballen, og den stryk like utanfor stanga.


Laga gjekk til pause med 2-2, og det var for så vidt eit greit resultat, sjølv om Syril hadde ballen mest.


I andre omgang tek Syril meir over. Berre ei meistarleg redning av Kjell Rune, då to Syrilspelarar kjem aleine mot mål, gjer sitt til at det framleis er likt målprotokollen.


Syril avgjer kampen mot slutten. 2-3 kjem etter ei frispark frå lang avtand som Kjell Rune kanskje burde ha teke.


2-4 kjem etter eit innlegg frå høgre som vert avslutta med skot via stanga og i mål.


Då sluttsignal gjekk, hadde Syril slått Balestrand 4-2.

 

OPPSUMMERING:
Kampen om keeperplassen ser ut til å verte jamn. Dei gjer begge kvar sin ok omgang.


Forsvaret slit ein del med å skjøna korleis ein skal plassera seg i forhold til kvarandre. Alt for ofte heng backane igjen, og dei øydeleggjer for eventuelle offsidar. Det må ein få gjort noko med før seriestart. Saknar ??g litt at nokon tek litt meir ansvar og er "sjef" der bak. Bidreg til at det vert strekk i laget med at dei kjem for seint ut. Det vert ??g laga for mange frispark på eigen banehalvdel på grunn av armbruk.


Midtbana jobbar bra. Saknar ein god ballfordelar som kan variere litt meir. Neste heile første omgang låg Mohammed heilt aleine "ute på krittet" på høgresida, utan at han fekk ballen. Mohammed har bra fart, og kunne difor ha bidrege med farlige angrep dersom han hadde fått ballen.


Angrepet gjer ein ok jobb. Saknar litt meir variasjon i løpa, og litt meir trøkk i duellane.


Totalt sett var dette ei grei gjennomkjøring for Balestrand. Dei fleste spelarene gjorde jobben sin til godkjent. Nokre var eit stykke unna det dei er gode for.


Magne var den besta Balestrandsspelaren. Stor fart og sterk i duellane, gjer at ein må prøve å få ein overgang i boks. I tillegg får Thomas og Theodor godkjent pluss.

Nokre justeringar fram mot seriestart, så vert dette bra det.



Foto:Geir Harkjerr



Foto:Geir Harkjerr



Skrive av: Geir Harkjerr (14.04.05 - 23:30)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487365 besøk, sidan 18. juli 2005