Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Treningskamp Balestrand J16 mot Syril sitt damelag




Foto:jarle

Jentelaget slo Syril sitt damelag


Tysdag kveld spelte jentelaget sin første kamp for sesongen. Damelaget til Syril var motstandarar på Kreklingen Stadion. 
                               
Det einaste målet i kampen vart sett inn av Sara Eitungjerde allereie etter 15 minuttar spel i første omgang. Første omgang var jamn, og ikkje nokon av laga greidde å produsere særleg med målsjansar.

 

Etter kvilen tok Syril meir og meir over. Balestrand sine jenter vart fleire gongar redda av bana sin beste spelar, keeper Bergitte Nyheim. Fleire klasseredningar vart vist fram frå kretslagskeeperen. Kampen enda med 1-0 siger til Balestrand.

 

Etter ein lang sesong inne, er det godt å endeleg koma i gang ute. Jentene viste i periodar at dei kan spele fin fotball, og kampen var ei fin gjennomkøyring før seriestarten heime på Kreklingen neste onsdag.



Foto:jarle



Skrive av: geir (12.04.05 - 22:01)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4487109 besøk, sidan 18. juli 2005