Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Lagseier for Balestrand 2



Ibro spelte ein god kamp saman med resten av laget.
Foto:

Balestrand 2 stilte med 18 mann i kveldens tropp mot Vik 2, og scora 5 mål med 5 forskjellige målscorarar.

I kveld tok Balestrandgutane tak i kampen frå start og spelte tidvis flott fotball. Spesielt kom vi fint til på høgresida med Christen som kom på mange gode løp og innlegg. Vi produserte fleire sjansar, men utan å klare å omsetje dei i mål i siste trekket.

 

Dødball i første omgong, men utan reultat.

Det næraste vi kom var tverliggaren..

Ikkje før vi nærma oss halvtid lukkast vi. Nicolai sette på storfarten nedover venstresida heilt ned mot dødlina, og la perfekt inn langs bakken. Her kom Per Aki inn og breisida ballen inn ved stolpen. Veldig moro når vi har øvd på nettopp dette på dei siste treningane. Og så får vi ein reprise frå motsett side. Eit flott angrep som startar heilt nede ved eigen 16-meter, og etter eit par presise trekk er det Per Aki som stormar nedover høgresida og legg heilt perfekt inn langs bakken til Nicolai som breisider ballen i mål. Dessverre annulerar dommar målet for offside. - Den hadde fortent betre..

Per Aki kan drømme litt etter ei flott scoring


Vi byttar og justerer løpande, og held fram i andre omgong der vi slapp i første. Kampen vert litt meir oppjaga,, men framleis er det vi som styrer. 2-0 kom på eit flott og følsomt frispark frå Ibro ute frå høgresida. Ballen curlar i ei flott boge, over keeper og i bakerste kryss. Og Ibro heldt fram med ei perlepasning til Nicolai som stormar gjennom sentralt og triller ballen til høgre for keeper i lengste hjørne. Med 3-0 og eit Viklag som hadde lite å by på heilt offensivt, såg det komfortabelt ut.

Ibro fekk vist fram godfoten i dag og - same kryss som sist... 

Men dei unge Vikspelarane slo tilbake på ein corner og reduserte til 3-1, og skapte med det ny spenning i kampen og energi inn i Viklaget. Men Balestrand sto bra opp, og sjølv om vi mista midtbana litt, rydda forsvaret opp det som kom i stor stil.

 

Kim leverte nok ein god forestilling på venstrebacken. 

Så var det Håkon sin tur med frispark frå kring 20 meter litt til høgre for mål. Med millimeterpresisjon set Håkon frisparket rundt muren og i stolpen og inn. Igjen eit vakkert mål. Men igjen fekk Vik redusere på ein ball som vart litt feiberekna og spratt inn i bakrom, Her kom ein Vikspelar seg føre og sette ballen sikkert i mål til reusering 2-4. 


Men nærare kom ikkje Vik for til slutt var det tid for ein annan ungdom -  i allefall om vi samanliknar med vår eigen Senad, og Kåre Egil Skjerven på Vik, som begge er 46.. På ein corner stiger Arnstein til vers, i allefall forlet han grastustane litt, og sette ballen kontant i mål med eit perfekt hodestøt. Med det fastsette han sluttresultatet til 5-2.

Dommar Rømmen kunne blåse av etter ein kamp utan kort og med ein god tone mellom laga.


I kveld er ikkje kvelden for å trekke fram einskildspelarar, men laget og alle spelarane på laget samla. Det er ei flott stemning og alle hjelper kvarandre, også dei som er på sidelina. Fleire einskildspelarar tek også fine steg frå første kamp. Dette lover rett og slett godt for tida som kjem!

Med i Balestrand sin tropp på 18 mann var


Kjell Rune Sværen
Tommy Ese
Alen Demirovich
Kjell A. Bakken
Kurt Ohma
Roy Kennet Rendedal
Kim Andre Marifjæren
Fabio Keller
Daniel Dale
Håkon Haugen
Arve Sjøthun
Senad Demirovich
Christen Bergum Skaasheim
Ibro Mesic
Per Aki Kvikne
Dag Espen Johnstad
Nicolai Andersen
Arnstein Menes


Neste kamp er her på Kreklingen allereie no på torsdag 10.05 kl 19.00 mot Hafslo/Bjørn. Kan gutane halde fram den fine flyten?



Skrive av: Arne Abrahamsen (08.05.12 - 23:57)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3582033 besøk, sidan 18. juli 2005