Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Balestrand 2 er i gang



Balestrandgutane forsvarar seg godt på dødball
Foto:

Etter ein famlande start heva Balestrand 2 spelet utover i kampen og vi fekk til noko av det vi ynskte.

Om det var for høge, eller kanskje for låge, skuldrar i starten er vanskeleg å seie. Vi vart kanskje tekne litt på senga då Syril stilte med ein meir robust gjeng enn i treningskampen for eit par veker sidan. Dei kjempa godt i alle duellar og var i tillegg direkte og gjennombrotshissige i vårt bakrom. Vi vart kjempa litt ut av stilen, kom ikkje i gang med eige spel - og det var i grunnen ikkje ufortent at Syril tok leiinga tidleg i omgongen.


Gradvis fekk vi justert oss. Tok litt meir føre oss i duellane og gradvis byrja pasningane å sitte litt betre. Det var på ein dødball reduseringa kom. Ibro slo ein av mange gode cornerar frå høgresida, og Birk sette ballen kontant i mål med eit fint hodestøt.

Dag Espen og Fabio utfordrar Syrilforsvaret.


Medan kampen stod og vippa på stillinga 1-1 vart det igjen Syril som kunne utnytte eit for oss litt uheldig brot heilt oppe ved vår 16-meter, og sette inn sitt 2. for dagen med eit skot nede ved stolperota. Sjølv om vi etter kvart fekk justert forsvaret litt og tetta bra bakover, klarte vi ikkje å skape dei heilt store sjansane. Like før pause fekk vi derimot frispark på vel 20 meter. Ibro hoppa over, og Birk sette ballen forbi muren og hardt i keeperhjørnet. Med 2-2 til pause hadde vi svart to gongar, og hadde eit fint utgangspunkt for resten av kampen.


Birk, Senad og Ibro i midtbana. 

Det var då også ein positiv og offensiv gjeng som gjekk ut på bana i 2. omgong. Balestrand gutane tok kommandoen og fekk etter kvart til sekvensar med riktig flotte kombinasjonar. Kurt bidrog ved fleire høve til at vi fekk starta bakfrå med gode oppspel i midtbana. Birk og Ibro styrte mykje av det offensive sentralt og vi fekk sjå presise oppspel på spissar og kantar. Også Kim kom på fleire flotte overlappar frå sin venstre backposisjon, som varma ein halvsjuk og rusken trenar, og skapte med det enda ein dimensjon i spelet.


Vi skapte no mange fine angrep og fleire store sjansar. Nicolai sette eit mål med eit flott skot frå ca 16 meteren etter kombinasjonar sentralt i bana litt ut i omgongen. Vi gjekk med det opp i ei 3-2 leiing, men vi brende samstundes også 3-4 veldig store sjansar på nesten «blankt mål» etter gjennomspel og fine innlegg frå kant. Så med berre eitt måls leiing var det full nerve i kampen! 


Også det å meistre kampen slik, er flott trening. Det gjorde gutane veldig bra; ingen gauling på dommar, konstruktive og positive meldingar mellom spelarane og fint fokus. Som trenar er eg veldig nøgd med dette!


Roy Kennet og også Arve tilfører laget ei innstilling til defensiv jobbing som smittar, og saman med nokre små formasjonsmessige justeringar, gjer dette til at Syril sine offensive sprell vert ferre og stadig mindre truande.


Så kom eit par flotte prestasjonar som sette eit fint punktum denne kvelden. Ibro kontrollerte ballen med stor teknisk ferdigheit, lurte av eit par raudkledde før ham som om det var det naturlegaste og mest daglegdagse i verda løfta ballen opp i venstre kryss med sin følsame venstrefot. Flott å sjå! Heilt til slutt fek vi eit fint samspel mellom Birk og Senad. Birk starter heilhjarta på eit løp frå eigen halvdel, og Senad slår då ei pasning frå høgre kant med svært god timing i bakrom. Birk tek med seg ballen, rundar keeper, og set inn sitt tredje for dagen og fastset sluttresultatet til 5-2.


Alle gutane på Balestrand 2 kan med dette vere godt nøgde med debuten i serien. Vi utvikla spelet gjennom kampen, reiste oss etter å ha kome under to gong - og får etter kvart til noko av det vi ynskjer.

Med i Balestrand sin 17 mannstropp var;
Tor Veggen
Tommy Sværen Ese
Alen Demirovich
Kjell A. Bakken
Kurt Oma
Roy Kennet Rendedal
Viljar Bakke Nesse
Kim Andre Marifjæren
Fabio Keller
Knut Lee
Arve Sjøtun
Senad Demirovich
Ibro Mesic
Birk Isane
Per Aki Kvikne
Dag Espen Johnstad
Nicolai Andersen

Neste kamp er  mot Vik 2  tysdag 8. mai kl 19.00 på Kreklingen stadion. Kiosken er open, og både nerve og underhaldninga i dette lokaloppgjeret vert garantert stor! Velkomne..



Skrive av: Arne Abrahamsen (04.05.12 - 19:43)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943943 besøk, sidan 18. juli 2005