Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Målfest på Kreklingen




Foto:

Årets første trepoengar i boks.

Balestrand serverte festfotball mot Veitastrond i første omgang, og dunka inn fire ballar i mål før dommar Ragnar Aamot sende laga til pause. 


Opna godt

Etter ti minuttar - der alt dreia seg om duellar mot Veitastrond sitt robuste lag, greidde heimelaget å få ballen ned på bakken. Torgeir Hugdal var den første som fann vegen til mål. Han leika seg med eit par forsvarsspelarar og runda keeper på elegant vis før han frå skrå vinkel sette ballen i mål. Ein stor prestasjon.

Utover i omgangen fekk Balestrand ballen til å gå og opna Veitastrond sitt forsvar gong på gong. Gustav Nesse dobla leiinga etter at han vann ein hovudduell inne i feltet. Ballen var langt over streken, og dommaren kunne ikkje anna enn å blåsa for mål, sjølv om bortelaget sine svartkledde protesterte heftig.

 

Høgdepunkt

Etter 37 minuttar fekk dei vel hundre på tribunen oppleva høgepunktet i kampen. Midtstoppar Daniel Feidje Nordeide slo ein presis ball frå eigen banehalvdel. Asgrim Farnes brukte fart og på halv volley dunka han ballen i mål frå 17 meter.

Kapteinen Kristjan Ingi Nesse ville også på scoringslista, og fire minutt før pause sende han i veg eit skot som fauk inn i nettmaskene. 4-0 til pause varma like mykje som ei varm vårsol.

 

Raudt kort

Andre omgang opna bra. Heimelaget spelte ball og Veitastrond sine menn vart meir og meir frustrerte. Ole Petter Haugstvedt hedda inn 5-0 etter 53 minuttar på elegant vis.

Etter scoringa gira heimelaget ned mange hakk, og Veitastrond greidde å scora på ein av få sjansar. Resten av kampen var prega av mykje kjefting og stygge taklingar. Heldigvis hadde bortelaget  regien på det, og det var ikkje ufortent at ein svartkledd  fekk raudt kort ti minuttar før slutt.

 

God start

Balestrand har fått ein god start på seosongen, og har kapra fire poeng på to kampar. Greier laget å halda oppe same trøkket som i første omgang i dag, kan det bli mykje jubel på Kreklingen framover. Neste helg kjem Sandane til Balestrand.

 

 

Ole Tjugum 6

Roleg dag på jobben. Er trygg i det han gjer, og har utspark som skaper sjansar for spissane.

 

Gustav Nesse 6

Gjer jobben sin og vister målteft.

 

Lars Kjetil Nordeide 7

Ny god kamp. Styrer forsvaret med stødig hand.

 

Daniel F. Nordeide 6

Vinn mange duellar, og syner fram ein fantastisk pasningsfot ved 3-0-scoringa.

 

Georg Nesse 6

Vel betre pasningsløysingar enn sist. Er ikkje lett å koma forbi.

Adrian W. Nesse 6

Skaper ein del sjansar på si side. Mange gode pasningar.

 

Johannes Nilsson 7

Har full kontroll på midten. Trygg og god.

 

Kristjan Ingi Nesse 7

Saman med Nilsson tek han heilt luven av Veitastrond. Ny solid kamp.

 

Torgeir Hugdal 7 BB

Fantastisk god i første omgang. Herjar med backen og viser detaljar som me sjeldan ser på Kreklingen. Flott scoring.

 

Asgrim Farnes 6

Var litt vekk i byrjinga, men etterkvart sat løpa som eit skot. Fantastisk scoring.

 

Ole Petter Haugstvedt 6

Livsfarlege kast. Flott scoring. Virka piggare enn sist.

  

Birk Isane, Ibro, Per Aki Kvikne  og Knut Arild Ohma kom alle inn i 2. omgang. 

 

Les kva Veitastrond skriv om kampen HER 



Foto:



Skrive av: Eirik Thue (29.04.12 - 17:58)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935860 besøk, sidan 18. juli 2005