Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Opna med eitt poeng




Foto:

Burde ha teke alle tre.

 

Fotball er ikkje alltid rettferdig. Etter spel og sjansar skulle Balestrand hatt tre poeng langt ned i bukselomma. Men debuten i 4. divisjon enda med poengdeling mot Jølster.


Press

Med 198 frammøtte på tribunen og ei varmande vårsol, låg alt til rette for fotballfest på Kreklingen.  Våre håpefulle opna litt nervøst, men fekk etterkvart god kontroll på gjestene frå Indre Sunnfjord. Kristjan Ingi Nesse var nær scoring etter vel tjue minuttar. Han vann ein duell etter corner og ballen hadde kurs mot nettmaskene. Keeper fekk ein finger på ballen som enda i tverrliggjaren. Like etter vann Lars Kjetil Nordeide ein luftkrig og ballen small i stolpen.

 

Mot spelets gang

Jølster hadde lite å by på framover, men dei jobba knallhardt. Laga gjekk til pause utan nettsus. Kampbilete var mykje likt i andre omgang. Balestrand skapte det som var av sjansar, medan Jølster stort sett slo langt med lite presisjon. Men jølstringane var langt meir effektive enn heimelaget, og på sin først sjanse etter kvilen scora dei. Jølster sin bestemann Odne Årdal fekk skikkleg klem på kula frå 16 meter og ballen suste i mål.

 

Haugen i siget

Heldigvis ramla ikkje dei blå og kvite saman som ein potesekk etter kladdusjen. Balestrand produserte sjansar, men var upresise i siste del av spelet. Men ni minuttar før slutt, fekk laget endeleg løn for strevet. Håkon Haugen stramma alle musklar i kroppen då ballen ramla ned på foten hans ti meter frå mål. Hardt og kontant suste lærkula i mål. Fortent. Balestrand hadde også eit par feite på slutten, men kvar gong hamna ballen i kroppsdelane til jølstringane. Dermed vart det poengdeling. Litt surt at det ikkje vart tre poeng, men det positive er at laget viste at dei har nivået inne. Ekstra motiverande var det at så mange møtte opp på kampen. Løv Ham i 1. divisjon i Bergen hadde 45 tilskodarar på enkelte kampar i fjor. Då er det sterkt at nær 200 møter opp for å sjå 4. divisjonsfotball på Kreklingen. Det varma like mykje som vårsola denne aprildagen.

 

Ole Tjugum 6

Gode utspel, kanonreding i andre omgang og sikker i det han gjorde. Såg sjanselaus ut på målet.

 

Georg Nesse 5

Stor innsats som alltid. Kunne med fordel valt enklare løysingar ved fleire høve.

 

Lars Kjetil Nordeide 7

Vinn alt av duellar, stor ro og fornuftige pasningar.

 

Daniel Nordeide 5

Bra kontroll i midtforsvaret. Ein del avklaringar utan frimerke og adresse.

 

Håkon Haugen 7 BB

Løyser oppgåva si på backen med storisk ro. Opnar målkontoen.

 

Adrian W Nesse 5

Kjem ikkje til sin rett i ein duellprega kamp. Innsatsen er som alltid på topp.

 

Johannes Nilsson 7

Dreg med seg resten av gjengen når laget ligg under.  Mange gode pasningar, men har ein tendens til å vri spelet for mykje mot ei side.

 

Kristjan Ingi Nesse 7

Tøffe tak mot Jølster sin bestemann. Spensten og timinga er på plass, men treng å justere på sveisen slik at ballen går i mål.

 

Torgeir Hugdal 5

Har mykje å by på, men får lite til. Får heller ikkje nok ballar å jobba med.

 

Ole Petter Haugstvedt 5

Farleg når han bestemmer seg for å ta tak, men i dag skjedde dette få gonger. Treng å gå fleire lufteturar med hunden for å koma i skikkeleg form.

 

Asgrim Farnes 5

Vister glimt av kvalitet, men kjem seg aldri laus frå eit overbefolka Jølster-forsvar.

 

Christen Skaasheim 5

 

Per Inge Belt 5

 

Nikolai Andersen 5

 

 

 

 

 



Foto:



Skrive av: Eirik Thue (22.04.12 - 23:07)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935308 besøk, sidan 18. juli 2005