Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Jentelaga med gode prestasjonar under KM



Nye pokalar til eit allereie fullt premieskap for småjente og jentelaget
Foto:Alf Høyrem

Småjentelaget tok sølv medan jentelaget tok bronse under KM sluttspelet i Florø




Småjentelaget tok seg til semifinalen etter følgjande resultat; sigar 5-2 mot Jotun, tap   4-0 mot Sogndal, siger 1-0 mot Askvoll/Holmedal, før dei avslutta med å slå Tornado Måløy 2-0. Dermed semifinale mot Hafslo.

I semifinalen var det Hafslo som var det førande laget og som raskt gjekk opp i leiinga, og det såg ut som om dei skulle ta ein komfortabel siger. Men, dei blå kledde gav ikkje opp. Anført av ein meget god keeper, godt forsvarsspel og litt flaks, slapp dei unna med det eine målet. I staden var det dei blå kledde som gledeleg nok klarte å utlikne leiinga. Ettersom ingen av laga klarte å score fleire mål etter ordinær tid, vart det ekstraomgang. Heller ikkje her vart det fleire mål, og det heile måtte avgjerast på myntkast. Her gjekk Balestrand seirande ut.

I finalen mot Sogndal var slitne Balestrandjente i realiteten sjanselause og sogndølane kunne heve pokalen etter å ha vunne heile 5-0. Likevel, ein fantastisk prestasjon av dette småjentelaget som presterte i overkant av det ein kunne forvente.

Så var det jentelaget sin tur. Berre to av spelarane er att frå laget som tok heim KM tittelen i fjor. Laget tok seg gjennom dei fire innleiande kampane ved å vinne 2-0 mot Bjørn, 1-0 mot Loen, 2-1 mot Gaular og 2-0 mot Førde. Jentene hadde veldig god kontroll i alle kampane. Skal ein setje fingaren på noko, må det vere  at laget scora få mål i høve til spel og sjansar. I semifinalen vart det diverre eit skuffande 2-0 tap mot Sogndal som vart KM meistrar seinare på dagen.

I bronsefinalen var jentene heilt suverene og vann enkelt heile 5-0 mot Loen.

Søndag var det Balestrand sitt jr. lag som var i ilden. Diverre starta jentene med to tap mot høgst overkommelege motstandarar, først 3-0 mot Skavøypoll, så 4-1 mot Jølster før jentene fekk opp dampen en og spelte 1-1 mot Florø sitt førstelag før dei avslutta på imponerande vis med å spele 2-2 mot Kaupanger, for øvrig den einaste kampen Kaupanger ikkje vann. Dermed klarte ikkje Balestrandjentene å kvalifisere seg  til finalespelet.

Alle i Balestrand sin tropp vart imidlertid att for å sjå Martine og Kaupanger leike seg fram til gull og KM tittel etter glimrande spel av Balestrandjenta som nok ein gong fekk vist at mange timar på Kreklingen gjev resultat. Forhåpentlegvis er ho ein inspirasjon til dei andre Balestrandjentene som kjem etter.

Alt i alt ei kjempeflott helg i Florø der jenter og leiarar/trenarar budde på hotell og hadde det kjekt også utanfor bana under opphaldet i kystbyen. Nok ein gong var Balestrand ein av klubbane som gjorde det aller best på jentesida. Det kan nok gå lenge til neste gong Balestrand deltek i eit KM sluttspel i tre ulike klassar på jentesida. 




Småjentelaget klarte å kome seg heilt til finalen der det vart tap for Sogndal. Foran frå venstre: Evita Ese, Silje Lerheim, Vilde Thue og Jenny Jorddal Lønning. Bak frå venstre: Wobke Leerink, Dagny Arnardottir og Arnborg Grinde.
Foto:Stig Høynes


Også jentelaget kom til kort mot Sogndal, men feide motstandarane av bana i bronsefinalen. Framme frå venstre: Rebekka Skaasheim, Synnøve Skaasheim og Elsa Hrund Erlingsdottir Nesse. Bak frå venstre: Lise - May Sæle, Vilde Thue, Dyrleif Lara Svansdottir, Andrea Sjøthun og Thea Stucki Kvikne.
Foto:Stig Høynes



Skrive av: Alf Høyrem (05.03.12 - 19:25)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935924 besøk, sidan 18. juli 2005