Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Noen ganger er det ålreit



Juniorgutane hadde god grunn til å vere nøgde etter kampen
Foto:

Juniorlaget til Balestrand spelte siste kampen i vinterserien mot Sogndal tysdag kveld. Det enda med heile 10-0 til Balestrand.

Vel, vel - no skal det seiast at laget vi møtte i Sogndal var eit reint gutelag, og at dei fysiske føresetnadene naturleg nok var ulike. Gutane i Sogndal er likevel eit godt organisert og spelande lag i 1.divisjon, og med mange spelarar i kretsen sine bylags- og toppgrupper. Ut i frå dette skal ikkje skilnaden vere så altfor stor.

Ser vi litt bak resultatet kan vi glede oss mykje over delar av spelet og prestasjonar i kampen. Vi hadde fokus på å spele ballen i laget og kunne halde på ballen i alle lagdelane. Spesielt skulle vi ikkje bli for direkte, men gje både kantar og spissar tid til å komme i posisjonar før dei vart spelt opp. Vi skulle også øve på å spele gjennom midtbana og servere spissane presise og gode ballar.

Dette lukkast vi til tider veldig godt med, og vi fekk sjå nokre kombinasjonar av høg klasse. 4-0 målet var ein skikkeleg lekkerbisken der ballen gjekk på eintouch i 7-8 trekk utfor 16 meteren til Sogndal før Birk trer Torgeir gjennom på blank goal. Og 8-0 då. To, tre pasningar mellom forsvar og midbane, og så ei presis passning ut til Per Aki heilt ute på høgrekanten. Han forserar litt og legg inn der Asgrim breisider inn ballen på heil volley. Desse to måla var i grunnen meir enn verdt turen!

I forsvaret spelte Adrian og Georg midtstopparar, medan Kim, Viljar og Knut var backar. Det var veldig kjekt å sjå eit forsvar som hadde ro til å spele ball bak i fleire trekk for så å spele opp i midbana med presise pasningar. Vi fekk også sjå nokre presise crosspasningar på 50-60 meter i bakrom som opna Sogndalforsvaret. Når både Adrian og Georg teikna seg på scoringslista, i tillegg til at vi heldt nullen, kan vi vere svært godt nøgd med jobben som vart gjort lengst bak på bana. Dette galdt også Thor og Tommy som stod i kvar sin omgong. Begge hadde gode involveringar, og var flinke i igangsetjinga av spelet.

 

Adrian spelte ein god kamp som midtstoppar.

Knut debuterte som juniorspelar - og det med suksess!

 

På midtbana testa vi ut ein ny konstellasjon med Lars og Birk sentralt. Dette var spennande for her fekk vi ein kombinasjon av defensiv styrke og samstundes gode pasningskvalitetar. På kantane hadde vi livlige karar i Nicolai, Per Aki og Rony. Vi fekk virkeleg sjå fint kantspel innimellom, der kantane heldt god breidde i angrepsspelet, noko som også opna og gav rom for sental midbane og angriparane. Nicolai fekk og eit flott mål på eit susande langskot.

 

Birk spelte sentralt med Lars. Her kjem innlegg frå venstresida.

Lars har god oversikt når han set i gong spelet. Tommy i mål. 

Lengst framme hadde vi Torgeir og Asgrim. Og dei leverte virkeleg varane. To lekkerbiskenar frå Torgeir og heile 5 mål frå Asgrim. Asgrim scorte vel nesten frå alle vinklar og posisjonar denne kvelden.. med hodet, på volley, med ryggen mot mål, langskot med venstra - i det heile ein god kveld.

Corner..

 

- og mål. Asgrim på hodet.

 

Asgrim vert gratulert etter det flotte 8-0 målet. Torgeir, Nicolai, Asgrim, Per og Adrian.

 

Det var god stemning på benken og. Sondre, Nicolai, Viljar og Thor.

 

Med det fekk juniorane ein fin avsluttnig på vinterserien. Vi vil no ta med oss desse prestasjonane, og denne opplevinga, inn i treningsarbeidet fram mot seriestart. 

Vi gledar oss!!



Skrive av: Arne Abrahamsen (29.02.12 - 20:14)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935927 besøk, sidan 18. juli 2005