Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Ny Balestrandjente i SFFK si toppgruppe



Synnøve er teken ut i SFFK si toppgruppe
Foto:Stig Høynes

Synnøve Skaasheim er teken ut i SFFK si toppgruppe fram til 1. august 2012.


Ho slår dermed følgje med søstera, Rebekka Skaasheim og Elsa Hrund Erlingsdottir Nesse som allereie har vore med i gruppa i eit års tid. Oline Jorddal Lønning og Martine Wolff Nesse har tidlegare vore med i denne gruppa, men er no for gamle for å vere med.

Uttaket er gjort etter ei heilskapsvurdering på bakgrunn av prestasjonar i bylagsserien
2011 og klubb- og kretstiltak vinteren 2011/2012.

Synnøve er ein teknisk god spelar med stor spilleforståing og eit godt venstrebein.

Å vere med i toppgruppa krev mykje av den einskilde spelar. Dei vert m.a. følgt tett opp med innsending av treningsdagbøker.

Alle dei tre talentfulle spelarane hospiterer no ein gong i veka hjå Kaupanger sitt damelag sjølv om dei berre er 97 modellar.




Rebekka har vore med i toppgruppa i eit år
Foto:Stig Høynes


Elsa er også med i toppgruppa
Foto:Stig Høynes



Skrive av: Alf Høyrem (28.02.12 - 21:58)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935942 besøk, sidan 18. juli 2005