Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Kick off - Balestrand 2



arkivfoto
Foto:

Då er det klart for kick off for Balestrand 2.  I Belehalli laurdag 11.02 kl 11.00.



Har du lyst til å spele fotball i sommar? Det er veldig mange gode grunnar til å vere med!!
  • Det er smart å trene og halde seg i form
  • Det vil bli varierte treningar med vekt på ferdigheiter og utvikling.
  • Vi vil legge opp til eigne fysisk terningar for dei som vil (eigen fysisk trenar!!)
  • Vi vil ha låge skuldrar med tanke på resultat
  • Vi vil vektlegge å ha det kjekt i gruppa - ha ein god sosial arena
  • Det skal vere noko felles treningstid med Balestrand 1
  • For dei som trener godt vil det vere opning for å trene, og også spele, på Balestrand 1.
  • Det vil ikkje vere eit press og forventing om å stille på alle treningar.
  • Her kan vi tilpasse trening til eigne ambisjonar, andre idrettar, andre interessar, skule, jobb, familie - You name it..

Det er i utgangspunktet teke ut ein tropp for Balestrand 1 på 22 mann. Ut i frå dette har vi sett opp ei liste på 26 namn (sjå baksida) som har vore aktive førre sesong som vi vil invitere til å vere med her. Dette er ein kombinasjon av rutinerte ringrevar og unge spelarar. Det er nettopp ein slik miks som vil gje ein fin balanse og skape ei god utviklingsgruppe.

Sjølv om snøen ligg tjukk og tung og forholda meir egnar seg til ski - vil vi så smått setje i gang treningane no. Dei som trenar ski - eller driv med andre ting no på vinteren - må halde fram med det, og gjerne kople seg på utover våren! Det er likevel fint å få eit tilbakemelding om at ein kan tenkje seg å vere med etter kvart.  

For meir info inviterar vi til KICK OFF samling i Belehalli no laurdag 11. februar kl 11.00. Vi deler då også ut trenings- og aktivitetsplan og går gjennom opplegget. Det vert då også ei treningsøkt i Hallen fram til ca kl 13.00 for dei som vil det.



PS Møt utkvilt - så du ikkje sovnar på treningane....


For B2
Arne Abrahamsen   Sondre Skrede    Senad Demirovic   Kristian Kyrvestad   Geir Harkjerr
958 24 896             991 00 987          464 25 967            913 19 749             901 38 210

Spelargruppe Balestrand 2
  
1 Tommy Sværen Ese
2 Thor Veggen
3 Kristian Kyrvestad
4 Viljar Bakke Nesse
5 Leiv Thomas Faulkner
6 Kåre Thue
7 Kjell A Bakken
8 Sondre Skrede
9 Knut Lee
10 Fredrik Hanevik
11 Daniel Dale
12 Stian Stordal
13 Dag Espen Johnstad
14 Alen Demirovich
15 Roy Kenneth Rendedal
16 Per Aki Kvikne
17 Kim Marifjæren
18 Hans Petter Bildøy
19 Daniel Antonson
20 Peter Hellesøy
21 Nikolai Sunde
22 Endre Offerdal
23 Tommy Ese
24 Øyvind Neset
25 Arnstein Menes
26 Senad Demirovich


Dette var dei vi kom på etter 5 minutt hjernetrim.
Det kan hende nokon er uteglømd. Det er ikkje meininga at dei ikkje får vere med,
- tvert i mot er vi takksame om dei hjelper oss å formidle dette til alle som kunne tenkje seg å ha lyst til å trene og spele fotball!

Vi håper mange vil vere med!!



Skrive av: (09.02.12 - 22:50)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943911 besøk, sidan 18. juli 2005