Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Småjente og jentelaget klare for KM sluttspel



Jentelaget tok seg lett til KM sluttspelet
Foto:Eirik Thue

Både småjente og jentelaget er klare for sluttspelet i innandørs
KM i Florø etter at begge laga vann sine kvalifiseringsgruppe i helga.




Laurdag spelte småjentelaget kvalifisering i Høyanger hallen.
Høyang 2, Balestrand 2 og Eikefjord var lett motstand. Vanskelegare vart det mot arrangørklubben Høyang sitt førstelag. Balestrand var det beste laget og hadde det meste av banespelet, men kampen enda uavgjort etter at Balestrandjentene slapp inn sitt første og einaste mål i turneringa. Dermed vann Balestrand sitt førstelag kvalifiseringa på klart betre målskilnad enn Høyang sitt førstelag.

Søndag var det jentelaget sin tur til kvalifiseringsspel i Leikangerhallen. Laget frå perla ved Sognefjorden var det klart beste laget og vann alle sine kampar på ein overbevisande måte utan baklengs mål. Arrangørklubben Syril vart nr. to, men måtte sjå seg slått heile 5-0 av dei blå kledde som periodevis spelte klikk klakk fotball av beste merke i denne kampen.

I tillegg til småjente og jentelaget, stiller Balestrand med eit juniorlag dame i sluttspelet. Her er det ingen kvalifisering på førehand.

Dermed er Balestrandjentene historiske ettersom dei for første gong deltek i heile tre ulike klassar i eit KM sluttspel. Det kan bli lenge til neste gong.

 


Småjentelaget klare for KM sluttspelet
Foto:Eirik T



Skrive av: Alf Høyrem (05.02.12 - 22:28)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943960 besøk, sidan 18. juli 2005