Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Kvelden vi møtte Thor Veggen



Arkivbilete
Foto:Eirik Thue

Onsdag 14.12.2011 spelte vi juniorkamp mot Sogndal i Høyanger. Det vart ein flott kveld med gode prestasjonar og eit spennande møte...

.. med Thor Veggen. Noko av dei flottaste augneblink ein har som trenar, er når ein spelarar over kort tid plutseleg tek steg, utviklar ferdigheitene og gjer gode prestasjonar. I kampen mot Sogndal i juniorserien fekk vi oppleve det!

Thor Knudsen har vore ein av dei mange keeperane som har vore på treningane gjennom sesongen. I kampane har det derimot helst vorte lite speletid. I juniorserien har Thor derimot fått prøve seg litt, og vi har sett fine tendensar, ikkje minst i kampen mot Årdal sist. I denne kampen fekk vi sjå eit gjennomgåande godt keeperspel, med tydeleg snakking, gode igangsetjingar til backane og ein trygg og god handtering av dei situasjonane ein god keeper skal ta seg av.

I tillegg fekk vi eit par klasseredningar av svært høg kvalitet. Først eit skot langt ut til sida og opp mot høgre kryss - der Thor ligg i lufta i full strekk og slår ballen over. Vakkert - og får ein som er så gammel som meg til å tenke på Rinat Dasajev - keeperlegenden som stod for Sovjeunionen gjennom 80-talet.

Så fekk Sogndal straffe. Ei svært god straffe nede i venstre hjørne - Men Thor var der.. Ei superredning - og eit jubelbrøl! Slik glede varmar ! No har eg han lagra på mobilen - som Thor Veggen.


Det var ikkje berre Thor som var god denne kampen. Vi var berre 11 spelarar, og alle gjorde ein jobb til meir enn godkjent. Kampen var jamn og tett, og sjølv om Sogndal vann 2-0 kunne vi vere godt nøgde. Vi fekk til å spele ballen langs bakken og rulla opp nokre bra angrep. Vi hadde også skot i stolpe og tverliggar og kunne fort ha scora eit par mål. Defensivt hadde vi god kontroll, og Håkon stod opp som ein solid forsvarssjef.

Med på laget var:
Thor Veggen, keeper
Viljar Bakke Nesse
Kåre Thue
Håkon Haugen
Kim Marifjæren
Per Aki Kvikne
Torgeir Hugdal
Adrian Nesse, kaptein
Birk Isane
Rony Olguin
Asgrim Farnes



Skrive av: Arne Abrahamsen (04.01.12 - 20:12)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3943859 besøk, sidan 18. juli 2005