Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Sogn vinnarar av bylagsserien med fire Balestrandjente på laget



Sogn bylag med fire Balestrandjente på laget
Foto:SFFK

Sogn sitt jentelag er historiske etter at dei i løpet av hausten som første lag har
vunne alle seks kampane i denne turneringa.




I den siste turneringa hadde Sognejentene full kontroll i sine kampar og vann enkelt 4-0
mot Sunnfjord og 3-0 mot Nordfjord. Spesielt kjekt var det i den første kampen
der Sogn sitt lag i periodar spelte flott fotball og der alle jentene frå
Balestrand var på bana samstundes.

Ein stolt kaptein, Elsa Hrund Erlingsdottir Nesse, kunne ta imot ein velfortent pokal
etter at siste kampen mot Nordfjord var unnagjort i snødrevet på Nordfjordeid.
Dei andre jentene frå Balestrand som kunne heve ein ny pokal var Rebekka Bergum
Skaasheim, Synnøve Bergum Skaasheim og Vilde Thue.

Det vil no bli teke ut ein tropp med
spelarar frå Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Dette nye laget skal spele mot eit
samansett lag frå Nordmøre og Sunnmøre. 








Skrive av: Alf Høyrem (05.12.11 - 12:45)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935334 besøk, sidan 18. juli 2005