Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Tips oss
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Rebekka og Elsa på regionsamling



I ein alder av berre 14 år var Rebekka og Elsa med og vann Norway cup i 15/16 års klassa i sommar.
Foto:Ukjent

Fire jente i fotballkrinsen er uttekne til regionsamling. To av dei er frå Balestrand


Statoil Region er eit tiltak for dei presumptivt
beste spelarane i regionen i alderen 15-16 år på det tidspunktet tiltaket vert
gjennomført. Ein region består av 3-4 fotballkrinsar.

Tiltaket ligg i forkant av uttak til spelarutviklingstiltak
på nasjonalt nivå/aldersbestemte landslag.

Tiltaket stiller klare krav til spelarane både m.o.t.
kosthald, søvn, fotballferdigheit og åtferd utanfor bana.

Innhaldet i tiltaket skal støtte under det arbeidet
som gjerast på dei yngste aldersbestemte landslag og på den måten og gje
spelarane betre føresetnader for å tilpasse seg det som krevjast på eit
nasjonalt nivå.

Frå Sogn og Fjordane fotballkrins er det berre fire
jenter som er tekne ut til samlinga. Rebekka og Elsa er dei einaste f. 97, dei
andre to frå krinsen er eitt år eldre (Sara Eriksen frå Førde har allereie
debutert for J 15 landslaget).

I tillegg er Asgrim utteken blant gutane.

Me gratulerer alle tre med uttaket.









Rebekka er eit av fylket sine største talent
Foto:Stig Høynes


Elsa, eit stoppartalent utanom det vanlege
Foto:Stig Høynes



Skrive av: Alf Høyrem (29.11.11 - 15:55)
: : : attende til startsida



Produsert av gang Interaktiv 2005 • 3935878 besøk, sidan 18. juli 2005